Der Eigene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Der Eigene

Oppretta1896
GrunnleggjarAdolf Brand
Nedlagd1932
Språktysk
Redaktøren, Adolf Brand

Der Eigene, med undertittelen «ein Blatt für männliche Kultur» blir rekna som det første regelmessig utkommande tidsskriftet for homoseksuelle i verda. Bladet kom ut mellom 1896 og 1932 og redaktør var Adolf Brand (1874−1945). Dei første ti utgåvene kom ut ein gong i kvartalet, seinare kom Der Eigene ut kvar månad, med visse avbrot.

Namnet er truleg inspirert av den tyske anarkisten Max Stirner sitt verk Der Einzige und sein Eigentum. I starten var også filosofien til Stirner og anarkistiske tema i sentrum, men seinare forsvann dette elementet nesten heilt. Frå 1898 inneheldt Der Eigene i hovudsak dikt, prosa-tekstar, aktfotografi og teikningar. Tidsskriftet hadde bidrag frå mellom anna Benedict Friedlaender, Klaus og Thomas Mann, Theodor Lessing, Erich Mühsam, Ernst Burchard og Karl-Günther Heimsoth.

Tidsskriftet blei fleire gonger truga av sensur, men først etter fleire gjennomsøkingar og beslag i huset til Brand i Berlin etter at nazistane kom til makta i 1933, gjekk tidsskriftet inn.

Tidsskriftet hadde bidrag frå heile det politiske spektrumet, men Brands vekt på homoseksualitet hos maskuline menn, gav seg utslag i strid med den mest prominente representanten for den tyske homorørsla, Magnus Hirschfeld. Enkelte bidrag hadde til dels også eksplisitte antisemittiske trekk, noko som særleg var tydeleg i den seinare nazisten Karl-Günther Heimsoth sine bidrag på 1920-talet.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Joachim S. Hohmann (red.), Der Eigene. Ein Blatt für männliche Kultur. Ein Querschnitt durch die erste Homosexuellenzeitschrift der Welt. Mit einem Beitrag von Friedrich Kröhnke. Foerster Verlag, Frankfurt/M. und Berlin 1981.
  • Marita Keilson-Lauritz og Rolf F. Lange (red). Emanzipation hinter der Weltstadt. Adolf Brand und die Gemeinschaft der Eigenen Müggel-Verlag, Berlin-Friedrichshagen 2000.