Der Geist hilft unser Schwachheit auf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Der Geist hilft unser Schwachheit auf
BWV 226
Motett av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1729
Urframføring20. oktober 1729
Publiseringsdato1803
Typisk lengd07:41
Satsar/akterfire
Tekst avRomarbrevet og Martin Luther

Der Geist hilft unser Schwachheit auf, BWV 226, er ein motett komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1729 for gravferda til Johann Heinrich Ernesti, som var ein eldre rektor ved Thomasschule i Leipzig. Gravferda fann stad 20. oktober. Bach hadde eit godt forhold med Ernesti, som var 70 då Bach starta på posten sin ved Thomasschule i 1723, og han komponerte ein av dei finaste motettane sine for rektoren.[1]

Teksten er henta frå Paulus’ brev til romarane 8: 26-27 og Martin Luther (1524).

Koraltemaet er basert på salmen «Komm, Heiliger Geist, Herre Gott». Denne melodien av ein ukjend komponist er datert til 1400-talet og er kanskje knytt til melodien til salmen «Adesto, sancta spiritus» av Marchetto di Padua frå kring 1270. Han kom først på trykk i den noverande forma si i Geystliche Gesangk Buchleyn (redigert av Johann Walter) i Wittenberg i 1524 i lag med fleire verds skrivne av Martin Luther.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to oboar, engelsk horn, fagott, to fiolinar, bratsj, fiolonsell og basso continuo (+ violone), samt åttedelt kor (SATB, SATB).

Det består av fire satsar:

  1. «Der Geist hilft unser Schwachheit auf»
  2. «Sondern der Geist selbst vertritt uns aufs beste»
  3. «Der aber die Hersen forschet, der weiss»
  4. «Du heilige Brunst, süßer Trost»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]