Sweet, Sweet Smile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Der Mann auf einem Seil)
Sweet, Sweet Smile
Singel av The Carpenters
frå albumet Passage
B-side

«I Have You»

Utgjeve Januar 1978
Innspelt 1977
Sjanger Pop
Lengd 3:01
Selskap A&M
Låtskrivar(ar) Otha Young; Juice Newton
Produsent Richard and Karen Carpenter
The Carpenters-kronologi 
«The Christmas Song (Chestnuts Roasting on an Open Fire)»
(1977)
Sweet, Sweet Smile «I Believe You»
(1978)


«Sweet, Sweet Smile» er ein countrysong skriven av Otha Young og Juice Newton og framført av The Carpenters i 1977 på albumet Passage. Med songen er trommeslagaren Ronnie Tutt som ofte spelte med Elvis Presley.

«Sweet, Sweet Smile» er ein av få songar spelte inn av The Carpenters som vart vald ut av Karen Carpenter og ikkje Richard Carpenter. Juice Newton og bandleiaren hennar Otha Young hadde skrive «Sweet, Sweet Smile» for Newton sjølv, men selskapet til Newton, Capitol Records, var ikkje interessert i songen. Manageren til Newton, som var ein ven av Carpenters, spelte demoen av «Sweet, Sweet Smile» ein gong Karen Carpenter vitja heime hennar. Carpenter likte songen og tok han med seg til broren Richard Carpenter som likte han med ein gong.[1][2]

«Sweet, Sweet Smile» nådde 44. plassen på Billboard Hot 100, men vart den einaste Carpenters-songen som nådde Country-lista i USA med ein åttandeplass. Han nådde òg sjuandeplassen på Adult Contemporary-lista.

Ei omsetjing av «Sweet, Sweet Smile» til tysk, kalla «Der Mann auf einem Seil», var B-sida til Wenche Myhre-singelen «Lass mein Knie, Joe» («It's a Heartache»), som nådde 16. plassen i Tyskland i 1978. Ei finsk utgåve, «Sä Oot Niin Kultainen», vart spelt inn av Lea Laven i 1978 for albumet Aamulla rakkaani näin.

I 2011 gav Juice Newton ut songen sjølv, ei nyinnspeling av «Sweet, Sweet Smile» som bonusspor på albumet The Ultimate Hits Collection.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 44
U.S. Billboard Easy Listening 7
U.S. Billboard Hot Country Singles 8
Canadian Singles Chart 33
Canadian RPM Country Tracks 6
Oricon (Japansk) singelliste 59
UK Singles Chart 40

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rock Hill Herald 21 April 1981 p. 59
  2. John ToblerThe Complete Guide to the Music of the Carpenters (1997); Omnibus Press, London; ISBN 0-7119-6312-6; p.81

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]