Derek and the Dominos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Derek and the Dominos

Aktiv1970–1971
SjangerBluesrock
Tilknytte artistarDelaney & Bonnie & Friends
The Allman Brothers Band
PlateselskapPolydor
Tidlegare medlemmerEric Clapton
Bobby Whitlock
Carl Radle
Jim Gordon

Derek and the Dominos var eit bluesrockband danna våren 1970 av gitarist og songar Eric Clapton med klaverspelar Bobby Whitlock, bassist Carl Radle og trommeslagar Jim Gordon, som alle hadde spelt i lag med Clapton i Delaney & Bonnie & Friends.

Bandet gav berre ut eitt studioalbum, Layla and Other Assorted Love Songs, med store bidrag frå gjesteartist Duane Allman[1] frå the Allman Brothers Band. Albumet fekk god kritikk, men selde lite og vart lite spelt på radio. Sjølv om det kom ut i 1970, var det først i mars 1972 at singelen frå albumet, «Layla» (ei soge om ugjengjeldt kjærleik inspirert av forholdet mellom Clapton og kona til venen George Harrison, Pattie Boyd Harrison) nådde Topp 10 i både USA og Storbritannia. Albumet vert ofte rekna som høgdepunktet i karrieren til Clapton.[2][3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Starten på Derek and the Dominos kan sporast tilbake til tida då alle bandmedlemmane spelte i Delaney & Bonnie & Friends, med Duane Allman som hadde spelt i bandet før Clapton. Medlemmane forlet dette bandet på grunn av stadig krangling mellom Delaney og Bonnie Bramlett.

Whitlock såg seg om etter eit band, og Steve Cropper foreslo at han vitja Clapton i England. Whitlock budde heime hos Clapton, og i lag skreiv dei mesteparten av songane til Dominoes. Kort tid etter kalla ei inn resten av dei tidlegare Delaney & Bonnie-musikarane, Dave Mason, Carl Radle og Jim Gordon og i lag vart kvintetten backingband for George Harrison sitt All Things Must Pass.[4]

Opphavet til namnet på «Derek and the Dominos» har fleire soger. I følgje Jeff Dexter (konferansier under Delaney & Bonnie and Friends Tour og ein nær ven av Clapton), hadde dei enno ikkje eit namn då dei skulle spele den første konserten sin den 14. juni 1970 i Lyceum Theatre i London, der dei berre vart kalla «Eric Clapton and Friends». Dexter spurte om ikkje Clapton kunne kome med eit skikkeleg namn som han kunne introdusere. Bandet byrja å diskutere og gjekk igjennom mange namn, som Two-Tone Special og Fats Domino, før Dexter ropte ut «der har me det: 'Derek and the Dominoes' - det er ein klassikar!». Clapton hadde tidlegare vorte kalla Derek av Tony Ashton, då han spelte med Delaney & Bonnie. I soga til Dexter om korleis Ashton møtte Clapton før turneen, skal ein nervøs Ashton i staden for å sei «pleased to meet you, Eric», kalla han Derek, og alle knekte saman og kalla Clapton «Derek» for resten av turneen.

I følgje Bobby Whitlock kom derimot namnet til då Tony Ashton frå Ashton, Gardner and Dyke hadde uttalt det midlertidige namnet «Eric and the Dynamos» feil og i staden for kalla dei Derek and the Dominos.[5] Ei anna utgåve av soga finn ein biografien til Clapton, der han hevdar at Ahston hadde foreslått for Clapton å kalle bandet «Del and the Dominos» («Del» var kallenamnet hans på Clapton). Del og Eric vart kombinert og resultatet vart «Derek and the Dominos».[6]

Frå seint i august til tidleg i oktober 1970 arbeidde dei i Criteria Studios i Miami, produsert av Tom Dowd, og bandet spelte inn Layla and Other Assorted Love Songs, eit dobbelalbum som i dag vert rekna som meisterverket til Clapton. Dei fleste songane, inkludert «Layla» (som seinare vart ein stor radiohit) var inspirert av den ugjengjeldte kjærleiken Clapton hadde for Pattie Boyd, som var gift med bestevenen George Harrison.[7] Først fleire år seinare at Pattie flytta i saman med Clapton i 1974, og dei vart gift i 1979. Dei vart separerte i 1985 då Clapton starta eit forhold med Lori Del Santo, og skilde i 1988.

Under innspelinga vart Clapton invitert til ein konsert med Allman Brothers i Miami, der Clapton først høyrte Duane Allman spele. Dei møttest etter konserten og Clapton inviterte heile bandet til studioet for ein jam. Jammen vart spelt inn og sidan gjeven ut på The Layla Sessions: 20th Anniversary Edition. Etter natta var over håpte Duane at han kunne få sitje å sjå på Dominoes spele inn plata si, men Clapton ville ikkje det. I staden gav han Duane ein gitar og bad han bli med.[8] Duane Allman fekk tilbodet om å verte med i bandet, men ønskte å bli verande i sitt eige band. Han deltok derimot på det meste av innspelinga.

Etter at Layla and Other Assorted Love Songs kom ut, drog bandet ut på ein amerikansk turn, utan Allman, men han spelte med bandet ved eit par høve. Turneen resulterte i konsertalbumet In Concert. I 1994 vart fleire opptak gjevne ut som Live at the Fillmore.

Albumet fekk lunken mottaking då det kom ut og salstala var svake. Clapton tok dette personleg og hamna ut i ein spiral av dopmisbruk og depresjon.[9]

Bandet sette i gang med å spele inn det andre albumet sitt, men det braut saman på grunn av paranoia og spaning i bandet, og dei vart til slutt oppløyste før albumet var ferdig.[10]Radle arbeidde med Clapton i fleire år etter dette, men forholdet mellom Clapton og Whitlock var visstnok meir bittert. Radle døydde i 1980 etter ein nyreinfeksjon på grunn av alkohol- og dopmisbruk.[11] Jim Gordon fekk sidan diagnosen schizofreni og tok livet av mor si med ein hammar i 1983 under ei psykotisk episode. Han vart stengd inne på livstid på ein mentalinstutisjon i 1984, der han framleis er.[12]

Etter bandet var oppløyst hadde Clapton eit intenst heroinmisbruk og trekte seg unna turnelivet[13]. Han spelte berre på George Harrison sin Concert for Bangladesh i 1971 go Rainbow Concert i 1973, sistnemnde organisert av Pete Townshend frå The Who for å hjelpe Clapton verte kvitt misbruket sitt.[12]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Romanowski, , Patricia (2003). Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll Rolling Stone Press, ISBN 0-671-43457-8
  2. «nndb.com». Henta 13. mars 2011. 
  3. «superseventies.com». Henta 13. mars 2011. 
  4. The Layla Sessions liner notes, page 5.
  5. «artistfacts.com». Arkivert frå originalen 2. februar 2007. Henta 13. mars 2011. 
  6. Schumacher, Michael (1992). Crossroads: The Life and Music of Eric Clapton. Citadel Press. ISBN 0-8065-2466-9.
  7. «msnmusic.com». Arkivert frå originalen 11. desember 2008. Henta 13. mars 2011. 
  8. arkivkopi, arkivert frå originalen 24. juli 2011, henta 13. mars 2011 
  9. «Biography on Clapton Fanclub Magazine». Arkivert frå originalen 19. januar 2008. Henta 13. mars 2011. 
  10. Decurtis, Anthony (May 1998). Rocking My Life Away, Duke University Press, ISBN 0-8223-2184-X
  11. Carl Radle på Allmusic
  12. 12,0 12,1 Romanowski, Patricia (2003). Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll Rolling Stone Press, ISBN 0-671-43457-8
  13. «VH1.com Derek and the Dominos». Arkivert frå originalen 2. april 2007. Henta 13. mars 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]