Derinkuyu undergrunnsby
| Derinkuyu undergrunnsby | |||
| ruin | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Derinkuyu undergrunnsby 38°22′24″N 34°44′06″E / 38.373403°N 34.735034°E | |||
| Wikimedia Commons: Underground City of Derinkuyu | |||
Derinkuyu undergrunnsby er ein underjordisk by frå antikken som ligg i det noverande distriktet Derinkuyu i provinsen Nevşehir i Tyrkia. Med fem nivå strekkjer han seg 60 meter under jorda og var stor nok til å skjule ca. 20 000 menneske med buskapen deira og matlager. Det er den største utgravde underjordiske byen i Tyrkia og ein av fleire underjordiske kompleks i Kappadokia.
Ungergrunnsbyen vart hogd ut i den mjuke vulkanske steinen i Kappadokia, kanskje av folk frå Frygia, kring 700- og 600-talet fvt.[1] Han kan ha vorte utvida under Austromarriket. Byen kunne lukkast frå innsida med store steindører. Komplekset har i alt 13 etasjar og kvar av dei kan lukkast. Byen hadde vin- og olivenpresser, stallar, kjellarar, lager, spisesalar og kapell.
Han vart opna for turistar i 1969 og i dag er om lag halvparten av byen open for publikum.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Derinkuyu Underground City» frå Wikipedia på engelsk, den 31. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Turkish Department of Culture, arkivert frå originalen 2020-02-18, henta 2012-08-31
{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp)
