Derivator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Derivator bygd rundt ein operasjonsforsterkar.

Derivator er ein komponent som deriverer ei elektrisk spenning. Dei er som oftast bygd rundt ein operasjonsforsterkar[1].

Analyse i tidsplanet[endre | endre wikiteksten]

Kondensatoren blokkerer likestraum, så inngangsstraumen fører til at kondensatoren får ei ladning

der er spenninga over kondensatoren. Utgangsspenninga kan uttrykkast

Men etter som

kan straumen uttrykkast

og utgangsspenninga kan uttrykkast

Krinsen finn den deriverte (stigningskoeffisienten) til inngangsspenninga . Tidskonstanten bestemmer kor følsam derivatoren er.

Frekvensrespons[endre | endre wikiteksten]

Frekvensrespons for derivator og HP-filter.
HP-filterkrins.

Derivasjon i tidsplanet tilsvarar multiplikasjon med i s-planet, så transferfunksjonen til derivatoren blir

der er Laplace-operatoren. Parameteren er kompleks frekvens, der er demping, og er frekvens, i rad/s.

For å finna frekvensresponsen set vi , slik at . Vi plottar så talverdien

med logarithmisk frekvensakse og med talverdien i dB. Frekvensresponsen til derivatoren aukar med 20 dB/dek. Derivatoren blokkerer likespenning.

Modifikasjon for å redusera høgfrekvent støy[endre | endre wikiteksten]

At frekvensresponsen til derivatoren aukar med 20 dB/dek fører til at eventuell høgfrekvent støy blir forsterka. I mange samanhengar er dette problematisk og ein ynskjer å avgrensa responsen i høgfrekvensområdet. Det gjer ein ved å setta inn ein seriemotstand på inngangen. Ein får då eit HP-respons.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Derivatorar ei elektroniske byggeklossar som inngår i mange ulike krinsar, som til dømes kurvegeneratorar, detektorar i form av enkle matsja filter nytta i samband med telekommunikasjon, osb.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Floyd, T.L., Electronic devices, 10. utg., Pearson, 2018.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]