Dermalpapillar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dermalpapillane er merka øvst

Dermalpapillar eller hudpapillar (av latin papillae dermis, diminutiv av papula, «kvise») er små, vorteliknande forlengingar av hudcellene som strekker seg frå lêrhuda til overhuda.[1] Dei finst på hudoverflata i både hender og føter,[2] og framstår som epidermale eller papillære ryggar, oftast kjend som fingeravtrykk. Dermalpapillane er innretta i virvlar, slynger og konsentriske mønster som utgjer papillarlinjene.[3]

Blodårer i dermalpapillane forsyner alle hårfolliklane og fraktar næringsstoff og oksygen til dei nedre laga av epidermalcellene. Ryggmønstra som blir danna av dermalpapillane er i stor grad styrt av genetiske eigenskapar som oppstår før fødsel. Dei veks i storleik, men er elles uomskiftelege gjennom livet, og spelar dimed ei viktig rolle i personidentifikasjon.[3][2]

Dermalpapillane er del av det øvste hudlaget, papillær dermis, og foldene dei dannar bidreg i stor grad til å auka overflateområdet mellom lêrhuda og overhuda. Hovudfunksjonen til lêrhuda er å støtte overhuda, og det skjer ei omfattande veksling av oksygen, næringsstoff og avfallsprodukt mellom desse to laga. Det store overflateområdet hindrar at hudlaga blir fråskilde, sidan samankoplinga også er større. Talet på dermalpapiller plar å auka med alderen, og dei har ein tendens til å bli flatare.

Dermalpapillane spelar også ei avgjerande rolle i hårformasjon, -vekst og -omskifting.[1][4]

Dei analoge strukturane i slimhinner blir kalla bindevevspapillar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Langeland, Tor (13. februar 2009). «hår». Store medisinske leksikon. Henta 15. mars 2015. 
  2. 2,0 2,1 Aukrust, Magnar (14. februar 2009). «fingeravtrykk». Store norske leksikon. Henta 15. mars 2015. 
  3. 3,0 3,1 Langeland, Tor (13. februar 2009). «fingeravtrykk». Store medisinske leksikon. Henta 15. mars 2015. 
  4. Lin, Chang-min et al. (Oktober 2008). «Microencapsulated human hair dermal papilla cells: a substitute for dermal papilla?». Archives of Dermatological Research (Springer) 300 (9): 531–535.