Derval O’Rourke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Derval O'Rourke

Derval O’Rourke (fødd 28. mai 1981) er ein irsk tidlegare friidrettsutøvar frå Cork som spesaliserte seg i hekkeløp. Ho vann sølv på 100 meter hekk i europameisterskapane 2006 og 2010.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

O'Rourke overraska og vann 60 meter hekk ved innandørs-VM 2006 i Moskva. Ho forbetra den irske rekorden to gongar, sist i finalen til 7,84 sekund, og la sterke løparar som Spanias Glory Alozie og svenske Susanna Kallur bak seg. I juli same året flytta ho den irske rekorden 100 meter hekk til 12,85 sekund. Under europameisterskapen 2006 forbetra ho rekorden til 12,72 då ho tok ein sølvmedalje, slått av Susanna Kallur og jamt med tyske Kirsten Bolm.

I den neste europameisterskapen, i Barcelona i 2010, gjorde O’Rourke sitt livs beste løp. Med tida 12,65 sette ho landsrekord og sikra seg ein ny sølvmedalje, to hundredels sekund etter vinnaren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]