Derwent Water

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Derwentwater
innsjø
none
Område Lake District
tilsig Derwent, Watendlath Beck, Brockle Beck
utløp Derwent
Høgd over havet 75 moh moh
Lengd 4 6 km[1] km
Breidde 1 91 km km
Middeldjupne 5 5 m m
 - Største djupne 22 m m
Volum 29 x 106 m³ km³
Areal 5 2 km² km²
Kystlengd1 15 4 km km
Øyar Fire større og ni små (13)
Wikimedia Commons: Derwent Water
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Derwentwater er ein av dei største innsjøane i Lake District nasjonalpark i Nordvest-England. Han ligg i Borough of Allerdale i Cumbria.

Innsjøen dekkjer delar av Borrowdale og ligg like sør for byen Keswick. Elva Derwent renn gjennom innsjøen. Han er om lag 4,5 km lang, 1,5 km brei og har eit areal på 5 km². På det djupaste er han 22 meter. Det ligg fleire øyar i innsjøen og ei av desse er busett. Derwent Island House er ein bustad frå 1700-talet og eigd av National Trust i dag.

Derwentcroped.jpg

Derwentwater er omringa av vakker natur med åsar (lokalt kalla fell) og mange av åssidene ned mot Derwentwater er skogkledde. Det går ein passasjerbåt på innsjøen. Fotturar i området kring innsjøen er òg populært.

Vegen Keswick—Borrowdale går langs austsida av innsjøen. Derwentwater gav namn til jarldømet Derwentwater.

Øyar i Derwent Water[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire øyar i Derwentwater, dei største av desse er Derwent Island, Lord's Island, St Herbert's Island, Rampsholme Island og Otterbield Island.

Panoramabilete[endre | endre wikiteksten]

Derwentwater frå nordsida nær Keswick
Derwentwater frå nordsida nær Keswick
Panoramabilete av Derwentwater frå Catbells på vestsida
Panoramabilete av Derwentwater frå Catbells på vestsida

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McNamara, Jane, Table of lake facts, Environment Agency of England og Wales, http://www.environment-agency.gov.uk/commondata/103196/1118608, henta 30. mars 2010 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]