Hopp til innhald

Deset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deset
stad
Deset kyrkje
Land  Noreg
Kart
Deset
61°18′07″N 11°27′27″E / 61.301861°N 11.457453°E / 61.301861; 11.457453
Wikimedia Commons: Deset

Deset er ei grend nord i Åmot kommune i Innlandet.

Deset ligg ca. 25 km nordaust for kommunesenteret Rena langs fylkesveg 237. Det ligg ein aldersheim her og ein todelt barneskule - Deset oppvekstsenter, med barnehage i sokkeletasjen. Etter at kommunen la ned drifta av Deset skole, tok Åmot Montessori over drifta i privat regi. Bygda hadde i mange år ein butikk, ein filial av samvirkelaget på Rena. Denne opna tidleg i januar 1936, og stengde dørene i oktober 2005.

Gjennom grenda renn elva Rena som er ei kjend fiskeelv. Deset kyrkje ligg på eit høgdedrag over grenda.