Desimalsystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Del av ein linjal som syner det metriske desimalsystemet med 1 cm delt i 10 øvst, og tomme delt i 32 nedst.

Desimalsystem er eit einingssystem der talet undereiningar er ein faktor av 10, slik at kvar eining inneheld 10, 100 eller 1000 einingar av det neste lågare trinnet. Desimalsystem kan brukast for mynt, mål og vekt, og gjennomsyrer til dømes det metriske SI-systemet.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Desimalsystemet i valuta[endre | endre wikiteksten]

Pengesetlar med verdien 100, myntar med verdien 10 og småmyntar med verdien 1.

I antikken finn vi få døme på desimale myntsystem. Eit unntak er den romerske denaren som vart inndelt i 10 asse. Russland rekna alt i det 16. hundreåret 100 kopek i éin rubel. I 1792 innførte USA som det første landet i verda eit konsekvent desimalsystem, slik at 10 cent var éin dime, 10 dime var éin dollar. Sjølv om dime ikkje lenger blir brukt som rekneeining, blir nemninga enno brukt om ticentmynten.

I Europa innførte Frankrike deismalsystemet i 1795, slik at éin franc vart inndelt i 10 décime og 100 centime. I 1855 vart desimalsystemet innført i Sverige, då hovudmynten riksdalar riksmynt vart inndelt i 100 øre. Dei siste europeiske landa som innførte desimalsystemet i sine valutaer, var Irland og Storbritannia som innførte desimalsystemet i 1971, slik at eit pund vart inndelt i 100 new pence, mot før 20 shilling eller 240 pence.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]