Desko Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 69°37′S 72°23′W
Desko Mountains
fjellkjede
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Palmer Land
 - koordinatar 69°37′S 72°23′W
Administrert under Antarktistraktaten

Desko Mountains
69°37′0″ S 72°22′60″ W
Desko Mountains is located in Antarktis
Desko Mountains (Antarktis)

Desko Mountains er ei fjellkjede på Rothschild Island, like nordvest for Aleksanderøya i Antarktis. Fjellkjeda strekkjer seg 20 nautiske mil (37 km) frå Bates Peak til Overton Peak og stig opp til kring 1 000 moh ved Enigma PeakFournier Ridge.[1] Andre fjell er Goward Peak, Schenck Peak, Morrill Peak og Thuma Peak.[2][3] I aust ligg Lazarev Bay, ei rektangulær bukt som skil austsida av Rothschild Island frå nordvestkysten av Aleksanderøya.

Fjella vart delvis sett på avstand av F. Bellingshausen i 1821 og av Jean-Baptiste Charcot i 1909, men detaljane var lenge ukjende. Fjellkjeda vart fotografert frå lufta av U.S. Navy Operasjon Highjump og Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947 og kartlagd frå flyfotografi av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Fjellkjeda vart ytterlegare kartlagd av U.S. Navy sine flyfotografi, 1966, og Landsat-bilete i 1975. Dei vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter offiser Daniel A. Desko i US Navy, befalshavande under Operasjon Deep Freeze, 1977.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Desko Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).