Desolation Boulevard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Desolation Boulevard
Studioalbum av The Sweet
Språk engelsk
Utgjeve November 1974
Innspelt 1974
Studio Audio International Studios i London
Sjanger Glamrock, hardrock, heavy metal
Lengd 41:09
Selskap RCA
Produsent Mike Chapman in association with Nicky Chinn
The Sweet-kronologi 
Sweet Fanny Adams
(1974)
Desolation Boulevard The Sweet Singles Album
(1975)


Singlar frå Desolation Boulevard
  1. «The Six Teens»
    Utgjeve: Juli 1974
  2. «Turn It Down»
    Utgjeve: November 1974
  3. «Fox on the Run»
    Utgjeve: Mars 1975
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
Christgau's Record GuideB-[2]
Soundblab4/5 stars[3]
The Vinyl DistrictA-[4]

Desolation Boulevard er det tredje studioalbumet av det britiske glamrockbandet Sweet, opphavleg utgjeve i Storbritannia i november 1974. To merkbart ulike versjonar av albumet vart gjevne ut: ein av RCA Records i Europa, og ein annan av Capitol Records i USA, Canada og Japan.

RCA-versjonen inneheld singelen «Turn It Down» og den originale innspelinga av «Fox on the Run». Capitol-versjonen, utgjeven i USA i juli 1975, inkluderer singelen «The Ballroom Blitz» frå 1973 og singelversjonen av «Fox on the Run». I USA nådde albumet 25. plassen den 25. oktober 1975.

Desolation Boulevard blir av mange rekna som det beste albumet til bandet. Andy Scott, gitarist i Sweet, sa om albumet: «Eit slikt mangfald beviser berre at bandet aldri kom til å vere berre føreseieleg, noko som gav dette albumet ein definitiv plass i Sweet-historia».[5]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget vart laga av designgruppa Hipgnosis, som var kjend for plateomslaga til Pink Floyd og Led Zeppelin. Bakgrunnsbiletet vart teken nær inngangen til rockeklubben The Central, i 8852 Sunset Boulevard i West Hollywood i California. I dag ligg The Viper Room her, der skodespelaren River Phoenix døydde av ein overdose på halloween-morgonen i 1993.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane skrivne og komponerte av Brian Connolly, Steve Priest, Andy Scott og Mick Tucker utanom der andre er nemnde.

RCA-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Six Teens»Mike Chapman, Nicky Chinn4:02
2.«Solid Gold Brass» 5:33
3.«Turn It Down»Chapman, Chinn3:30
4.«Medusa»Scott4:45
5.«Lady Starlight»Scott3:12
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«The Man with the Golden Arm»Elmer Bernstein, Sylvia Fine8:27
7.«Fox on the Run» 4:47
8.«Breakdown» 3:06
9.«My Generation»Pete Townshend3:59
Bonusspor på 1997-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Burning»4:07
11.«Rock & Roll Disgrace»3:50
Bonusspor på 1999-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«I Wanna Be Committed»3:10
11.«Teenage Rampage» (singel A-side)3:32
Bonusspor på 2005-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«Teenage Rampage»Chapman, Chinn3:52
11.«Own Up, Take a Look at Yourself» (B-side til Teenage Rampage) 3:58
12.«Burn on the Flame» (B-side til The Six Teens) 3:37
13.«Someone Else Will» (B-side til Turn It Down) 3:25
14.«Medussa» (heimedemo - ikkje tidlegare utgjeven) 5:51
15.«Burn on the Flame» (heimedemo - ikkje tidlegare utgjeven) 3:57
16.«I Wanna Be Committed»Chapman, Chinn3:10
17.«Fox on the Run» (7"-versjon) 3:24
18.«Miss Demeanor» (B-side til Fox On The Run) 3:17

Capitol-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Desolation Boulevard
Studioalbum av Sweet
Språk engelsk
Utgjeve Juli 1975
Innspelt Spelt inn i England 1973, 1974, 1975
Sjanger Hardrock, glamrock, heavy metal
Lengd 43:01
Selskap Capitol
Produsent Mike Chapman, Nicky Chinn, Sweet
Singlar frå Desolation Boulevard
  1. «Ballroom Blitz»
    Utgjeve: Juli 1975
  2. «Fox on the Run»
    Utgjeve: 1. november 1975

Capitol-versjonen av Desolation Boulevard kom ut i USA og Canada i juli 1975. Han skilde seg frå den britiske versjonen og inkluderte fleire songar frå det førre albumet Sweet Fanny Adams i tillegg til singlane «Ballroom Blitz» og «Fox on the Run».

Side ein

Alle songar er skrivne av Chapman, Chinn, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Ballroom Blitz»4:00
2.«The Six Teens»4:04
3.«No You Don't»4:36
4.«A.C.D.C.»3:28
5.«I Wanna Be Committed»3:14
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Sweet F.A.»Scott, Tucker, Connolly, Priest6:16
7.«Fox on the Run» (singelversjonen)Scott, Tucker, Connolly, Priest3:28
8.«Set Me Free»Scott3:59
9.«Into the Night»Scott4:25
10.«Solid Gold Brass» (med ekstra gitar)Scott, Tucker, Connolly, Priest5:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Brian Connolly – solovokal (utanom der andre er nemnd)
  • Steve Priest – bass, solovokal (britiske spor 9, 18; amerikansk spor 3), korvokal
  • Andy Scott – gitar, synthesizer, solovokal (britiske spor 5, 6; amerikansk spor 9), korvokal
  • Mick Tucker – trommer, perkusjon, korvokal

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Australia (Kent Music Report)[6] 13

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
RIAA – USA Gull[7] 25. mai 1976

Kjelder[endre | endre wikiteksten]