Hopp til innhald

Dessertvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein fransk dessertvin med dessert.

Dessertvin er ein søt vin som ein vanlegvis serverer til dessertar.[1][2] Nokre av dei mest brukte dessertvinane er tokaiar frå Ungarn, sauternes frå Frankrike, muskatellvinar og sterkvin som sherry, portvin, madeira og marsala. Svake dessertvinar blir mest nytta til frukt og lette dessertar, medan heitvinar blir mest nytta til tyngre dessertar.[3][4][5]

Som ein generell regel skal vinen vera søtare enn maten han blir servert til, men det er gjerne lurt å ikkje drikka vin i det heile til dessertar med mykje sjokolade eller karamell.

Det finst også dessertvin der søtsmaken kjem av at druene har fått ei frostnatt før innhaustinga, isvin.

For dessertvinar er det vanleg at glaset har tulipanform, som for musserande vin, og rommar 8–32 cl. For sterkvinar finst det sherry-, portvin- og madeiraglas.

Dessertvinar bør serverast ved 10–12 ℃. Sterkvinar og raude vinar blir serverte noko varmare, 16–18 ℃.

  1. Simon, André Louis. Nyttig å vite om vin. Oslo: Gyldendal. ISBN 8205007470. 
  2. Sjøen, Nina. Søtt: desserter og kaker med idéer til drikke. Oslo: Messel forl. ISBN 8276310583. 
  3. «tokaier». Store norske leksikon (på norsk). 9. januar 2019. 
  4. Prent, Tom. Vinboken: om norske vinvaner og vanlige viner. Oslo: Gyldendal. ISBN 8205149801. 
  5. «dessertvin». Store norske leksikon (på norsk). 9. oktober 2018.