Destillasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Destillering)
Døme på korleis dei ulike komponentane eller fraksjonane i råolje kan skiljast frå kvarandre til ulike produkt ved hjelp av eit destillasjonstårn på eit oljeraffineri.

Destillasjon eller destillering er ein prosess som vert nytta for å skilje frå kvarandre komponentar med ulike kokepunkt i ei væske ved å varme opp væska til damp som deretter vert kondensert (det vil seie å avkjøle dampen, så han går over til væske att). Den eller dei komponentane i væska som skal takast vare på, vert kalla destillat.

Metoden vert nytta i mange samanhengar. I dei såkalla oljeraffineria vert til dømes bensin og andre produkt skilde ut frå råolja ved hjelp av destillasjon. Metoden vert òg nytta for å framstille alkohol av alkoholhaldig væske, som til dømes for å laga brennevin ved å destillere vin. Både drikkevatn og salt kan lagast av sjøvatn ved å reinska vatnet for saltet ved å late vatnet fordampe og deretter kondenserast. Destillert vatn til medisinsk eller teknisk bruk er vatn som er reinska for mikroorganismar, metallsaltar og anna som er løyst opp i vanleg drikkevatn frå vassverk eller i sjøvatn, og på dette viset òg vorte sterilisert.

Dersom ei blanding av to væsker med kokepunkt som ligg nær kvarandre skal skiljast frå kvarandre, er det vanskeleg å få destillatet reint i ein operasjon, og destillasjonen må gjerast i to eller fleire omgangar. Slik gjentaking av destillasjonen vert kalla rektifikasjon, og er vanleg ved til dømes framstilling av sprit for å få reinast mogleg destillat. Når det skal skiljast ut fleire ulike destillat med ulike kokepunkt i eit blandingsvæske, vert det fyrste destillatet utgangspunktet for ein ny destillasjon ved ein annan og lågare temperatur, som deretter vert utgangspunkt for ein nye destillasjon ved ein annan temperatur, og slik bortetter. På dette viset får ein til dømes fram av råolja både propan, bensin og andre produkt, som tungolje og bitumen (asfalt), der propan og bensin har låge kokepunkt, og bitumen høgt kokepunkt.