Destiny Chukunyere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Destiny Chukunyere
Destiny Chukunyere, ESC2016.jpg
Fødd29. august 2002 (19 år)
FødestadBirkirkara
OpphavMalta
Aktiv2013–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar
FarNdubisi Chukunyere
PrisarMidalja għall-Qadi tar-Repubblika

Destiny Chukunyere (fødd 29. august 2002), også kjend som berre Destiny, er ein maltesisk songar. I 2015 vann ho Junior Eurovision Song Contest for Malta med songen «Not My Soul». Ho deltok seinare i sesong 11 av Britain's Got Talent, men vart slått ut i semifinalerunden. I 2020 vann ho den andre sesongen av X Factor Malta og fekk dimed representere Malta i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. 9. mars same år vart det kunngjort at ho skulle deltake med songen «All of My Love». 18. mars 2020 avlyste EBU tevlinga på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2] Ho skal i staden representere Malta i Eurovision Song Contest 2021.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Destiny er fødd og oppvaksen i Birkirkara på Malta.[4] Faren er ein tidlegare fotballspelar frå Nigeria, av igbofolket, medan mora er maltesisk.[5] Ho har to yngre sysken, systera Melody og broren Isaiah.[6]

Som barn deltok ho i fleire lokale songtevlingar på Malta og i Italia, og i 2015 representerte ho Malta i Junior Eurovision Song Contest.[7][8] Chukunyere framførte songen «Not My Soul», skriven saman med Elton Zarb og Muxu.[9] Chukunyere vann tevlinga med 185 poeng, og slo dimed den førre poengrekorden, sat av spanske María IsabelLillehammer i 2004.[10] For sigeren vart ho og låtskrivarane same år heidra med den maltesiske fortenestemedaljen Midalja għall-Qadi tek-Repubblika.

I 2017 deltok ho i den ellevte sesongen av talenttevlinga Britain's Got Talent, der ho song «Think» av Aretha Franklin. Ho hausta ros frå dommarane Simon Cowell og Joseph Calleja.[11] Ho kvalifiserte seg til semifinalerundane, men hamna til slutt på sjetteplass i sin semifinale og vart dimed slått ut av tevlinga.[12]

I 2019 var Chukunyere støttevokalist for Michela Pace og songen «Chameleon» under Eurovision Song Contest 2019. Songen kvalifiserte seg til finalen der den hamna på 14. plass med 107 poeng. Året etter fekk ho sjølv moglegheita til å deltake i Eurovision Song Contest, etter å ha vunne andre sesong av X Factor Malta. Ho skulle ha delteke i den fyrste semifinalen tysdag 12. mai 2020 i Rotterdam med songen «All of My Love», men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 så EBU seg nøydd til å avlyse tevlinga for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[13][14] Den maltesiske kringkastaren TVM vedtok at Destiny i staden skulle representere Malta i Eurovision Song Contest 2021.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «All of My Love! Destiny releases Malta's Eurovision 2020 song and stunning music video» (på engelsk). 9. mars 2020. Henta 9. mars 2020. 
  2. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  3. 3,0 3,1 Granger, Anthony (16. mai 2020). «Malta: Destiny Chukunyere Will Compete in Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 24. mai 2020. 
  4. «Who is Destiny?». TVM. 
  5. Cremona, George (12. juli 2015). «"Xħin rebħet binti, aġixxejt qisni rbaħt logħba futbol" - Ndubisi Chuckunyere». Newsbook. 
  6. Zammit, Mark Lawrence (19. oktober 2016). «RITRATT: L-ewwel ritratt ta’ Melody, oħt Destiny Chukunyere». Xarabank. 
  7. «Three Maltese singers for San Remo Junior». Times of Malta. 12. april 2015. 
  8. «Destiny Chukunyere to represent Malta in Sofia!». European Broadcasting Union. 11. juli 2015. 
  9. Pace, Fiorella (12. juli 2015). «So happy to have won such a prestigious contest but I wish to remain the Destiny that I am». TVM. 
  10. Ross, Samantha (21. november 2015). «Breaking News: Congratulations, Malta!». EBU. 
  11. Galea, Stefan Paul (20. mai 2017). «Destiny gets thumbs up from Simon Cowell». Malta Today. 
  12. «It's almost time for Semi-Final 2! Here are the acts hoping to win your votes». ITV. 30. mai 2017. 
  13. «Destiny to head to Eurovision after winning X Factor Malta» (på engelsk). Henta 9. februar 2020. 
  14. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.