Desventuradas-øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Desventuradas-øyane
øygruppe
Land  Chile
Areal 5,36 km²
Folketal 0 (2019)
Kart
Desventuradas-øyane
26°19′S 80°00′W / 26.32°S 80°W / -26.32; -80
Wikimedia Commons: Islas Desventuradas

Desventuradas-øyane (spansk: Islas Desventuradas, IPA: [ˈizlaz ðezβentuˈɾaðas] eller Islas de los Desventurados) er fire små øyar som ligg i Stillehavet, 850 kilometer utanfor kysten av Chile, nordvest for Santiago.[1]

På grunn av isolasjonen og vanskane deira med tilgang er det ingen sivile busetjingar på desse øyane, men ei avdeling av den chilenske marinen er stasjonert på øya San Félix, som òg husar ein flyplass. Den andre større øya i gruppa er San Ambrosio.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst ingen teikn til forhistorisk menneskeleg aktivitet av polynesiarar eller urfolk frå Amerika på øyane, eller på dei nærliggjande Juan Fernández-øyane.[2] Boka The Settlement of Polynesia av Michael Levinson frå 1973 seier: «Juan Fernández-øyane og San Felix og San Ambrosio var tilsynelatande øydne i førkolumbisk tid og vart ikkje oppdaga av spanjolane før mellom 1563 og 1574. Det er ingen prov tilgjengeleg som tyder på folk frå Sør-Amerika vitja øyane for fiske eller av andre grunnar før dette.»[3]

Den første stadfesta observasjonen av øygruppa var av Juan Fernández i 1574 medan han reiste frå Callao til Valparaíso.[4]

San Felix spelte ei rolle i falklandskrigen. I mai 1982 tillét den chilenske regjeringa ein RAF Nimrod R1 å flyge signalrekognoseringsturar frå øya, og samla informasjon om rørslene til det argentinske luftvåpenet.[5]

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Kvitbukstormsvale, Fregetta grallaria er ein kjent hekkefugl på øygruppa[6]
Kermadecpetrell, Pterodroma neglecta, er ein av to kjente petrell-artar som hekkar på øygruppa[6]

Vegetasjonen på dei større øyane er ein miniatyrmosaikk av matorral, karrig stein, trevekstar i ulike storleikar og buskar blanda med bregnar og fleirårige urter. Thamnoseris lacerata i korgplantefamilien er ein endemisk art.

Den marine faunaen deler nær tilknyting til det sørlege Stillehavet og det sentrale Stillehavet, meir enn med det nære Sør-Amerika. Dette er delvis på grunn av Perustraumen, som bidreg til å skape ein kraftig biogeografisk barriere mellom desse øyane og Sør-Amerika.[7]

Det er ingen permanente kjelder til ferskvatn på nokre av øyane. Virveldyr som lever på dei største øyane er avgrensa til fuglar. Ti artar av marine fuglar og ein landfuglart, nokre av dei trua, hekkar på øyane eller besøkjer øyane. Øygruppa har vorte anerkjend som eit viktig fugleområde (IBA) av BirdLife International fordi det er ein hekkestad for mange masatierrapetrellar (Pterodroma defilippiana) som elles berre hekkar på Santa Clara-øya i Juan Fernández-øygruppa.[8] Ein annan talrik hekkefugl som er nemnd av BirdLife International under IBA er maskesule (Sula dactylatra).[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. San Félix-San Ambrosio Islands temperate forests. Terrestrial Ecoregions. World Wildlife Fund.
  2. Flett, Iona; Haberle, Simon (2008). «East of Easter: Traces of human impact in the far-eastern Pacific» (PDF). I Clark, Geoffrey; Leach, Foss; O'Connor, Sue. Islands of Inquiry. ANU Press. s. 281–300. ISBN 978-1-921313-89-9. JSTOR j.ctt24h8gp.20. hdl:1885/38139. 
  3. Michael Levison, R. Gerard Ward, og John W. Webb, The Settlement of Polynesia. A computer simulation University of Minnesota Press 1973
  4. Delgado, James P.; Brennan, Michael L.; Rapu Haoa, Sergio A.; Rapu Leong, Julianna H.; Gaymer, Carlos F.; Carabias, Diego; Stokes, Emily; Wagner, Daniel (1 February 2022). «The hidden landscape: Maritime cultural heritage of the Salas y Gómez and Nazca ridges with implications for conservation on the high seas». Marine Policy 136: 104877. doi:10.1016/j.marpol.2021.104877. 
  5. «Chile». Arkivert frå originalen 30. april 2012. Henta 29. januar 2023. 
  6. 6,0 6,1 Marcelo Flores and Roberto P. Schlatter and Rodrigo Hucke-Gaete (2014). «Seabirds of Easter Island, Salas y Gómez Island and Desventuradas Islands, southeastern Pacific Ocean». Latin American Journal of Aquatic Research 42: 752–759. 
  7. «Desventuradas Islands». 
  8. «Islas Desventuradas». BirdLife Data Zone. BirdLife International. 2021. Henta 29. januar 2023. 
  9. «Species factsheet: Sula dactylatra». BirdLife Data Zone. BirdLife International. 2023. Henta 29. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Desventuradas-øyane