Det Akademiske Kvarter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det Akademiske Kvarter

Det Akademiske Kvarter, òg kalla «Kvarteret», er studentenes kulturhus i Bergen. Huset ligg i Olav Kyrres gate 49 / 53, nedanfor Nygårdshøyden.

Det er Universitetet i Bergen (UiB) som eig sjølve eigedomen. Resten vert eigd av Studentkulturhuset i Bergen AS (SkiBAS), saman med UiB. Det er kring fire hundre aktive knytt til huset. Dei aktive vekslar på å skipa til ulike tilskipingar. Det er rom til om lag 1 200 gjestande. I hovudsak er det berre studentar som arbeider på huset. Alle desse arbeider friviljug, organisert i ulike organisasjonar. Studentane som arbeider på huset kjem i hovudsak frå Universitetet i Bergen, men òg frå Norges Handelshøyskole. Opp gjennom tida har det vore mange store konsertar på «Kvarteret».

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Det Akademiske Kvarter» spelar på ein tradisjon om at akademikarar hadde eitt kvarter over oppsett tid til å møte «presist». I same tradisjonen var tidlegare alle klokkesletta til til dømes forelesingar på norske universitet eit kvarter før sjølve forelesinga. Av denne grunnen har ein òg opptil eitt kvarter over planlagt tid før ein er for sein til å treffe venar og veninner på Kvarteret.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det Akademiske Kvarter vart opna 10. februar 1995 av Kronprins Haakon. Ti år etter feira Kvarteret seg sjølv med ei stor jubileumsveke. Då planane om kvarteret vart lansert, var det fordi det mangla eit eige studenthus i Bergen sentrum. Den studentdrevne konsertstaden Hulen hadde mykje aktivitet, men i det tidlegare tilfluktsromet var det avgrensa plass. Mange av dei organisasjonane som vart aktive på Kvarteret har bakgrunn i miljøet på Hulen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]