Det Nordlandske Dampskibsselskab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det Nordlandske Dampskibsselskab
Skipa13. august 1927
Bransjesjøfart, kollektivtransport, transport
HovudkontorBodø kommune Sjå dette på Wikidata
Lagnadslått saman med Saltens Dampskibsselskab
Nedlagd1981

Det Nordlandske Dampskibsselskab (NDS) var eit norsk reiarlag med hovudkontor i Bodø. Reiarlaget vart stifta 13. august 1927 og dreiv kystruter og godstrafikk. Frå november 1945 til 1958 hadde NDS eit skip i fast rotasjon i hurtigruten. I 1981 vart reiarlaget slått saman med Bodø-reiarlaget Saltens Dampskibsselskab.

Historie[endre | endre wikiteksten]

NDS kjøpte DS «Skjerstad» frå Saltens Dampskibsselskab i juli 1927 (før NDS var formelt konstituert). Kjøpesummen var 93 400 kroner, og skipet vart sett inn på ruta Saltdalen – Bodø – Trondheim. I 1929 kjøpte NDS to skip til, og starta opp rutetrafikk mellom Tromsø og Hamburg i Tyskland. Under andre verdskrig vart DS «Skjerstad» senka, men allereie i september 1940 skaffa reiarlaget ei erstatning ved hjelp av forsikringspengane. Dette skipet vart døypt DS «Skjerstad», og vart ombygd og oppgradert i 1945.

Etterkrigsåra[endre | endre wikiteksten]

Mange av hurtigruteskipea vart senka under andre verdskrig, og etter frigjeringa var det stor mangel på skip. Departementet godkjende difor i 1945 at DS «Skjerstad» vart sett inn i hurtigrutetrafikk på trass av at ho berre gjorde 12 knop. Føresetnaden for å få halda fram i hurtigruten var at reiarlaget gjekk til innkjøp av eit nytt og meir moderne skip. NDS hadde konkrete planar om å kontrahera eit nytt hurtigruteskip, men plana vart aldri realisert, og i 1958 mista NDS sin plass i hurtigruten.

Rederiet heldt fram med godstrafikk, og inngjekk samarbeidsavtale med Ofotens Dampskibsselskab (ODS). NDS og ODS var to av reiarlaga som i 1971 danna kystsamseglinga Nord-Poolen. I 1977 fekk NDS overlevert eit nybygd godsskip som vart døypt MS «Nordvær». Reiarlaget gjekk med tap i byrjinga av 80-talet, og vart i 1981 slått saman med Saltens Dampskibsselskab. 31. oktober 1989 fusjonerte Saltens Dampskibsselskab med Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab (OVDS), som i sin tur fusjonerte med Troms Fylkes Dampskibsselskap (TFDS) i 2006 og danna Hurtigruten OS.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]