Det Norske Akademis ordbok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det Norske Akademis ordbok (forkorta NAOB) er eit digitalt ordboksverk over norsk bokmål og riksmål som består av 225 000 artiklar eksemplifisert med 300 000 sitat.[1] Det er utgjeve av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur og Kunnskapsforlaget og vart lansert i januar 2018. NAOB er fritt tilgjengeleg og blir løpande oppdatert.

NAOB er ei vidareføring av Norsk Riksmålsordbok, som vart utgjeven i seks trykte bind i perioden 1937–1995, men er likevel eit nytt og sjølvstendig verk, skapt for bruk på internett.[2] Ordboka har Svenska Akademiens ordbok og Oxford English Dictionary som førebilete.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Et storslagent nasjonalt ordbokverk er på plass». Document.no. Henta 14. oktober 2018. 
  2. «Grande: – Ny ordbok er eit nøkkelverk for det norske språket». Framtida.no. Henta 14. oktober 2018. 
  3. «Om NAOB». Det Norske Akademis ordbok. Henta 14. oktober 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]