Det Norske Samlaget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tittelbladet i det siste bandet i serien Lauvduskar. Denne boka er frå 1887, den fyrste i serien kom allereie i 1867, året før Samlaget vart offisielt skipa. Det fyrste av småstykka i det sjette bandet heiter «Sidste kvelden, elder: Gunnbjørg på Haugen.» og er underskrive I. A. (for Ivar Aasen). Forlaget skreiv seg her «Det norske Samlags Forlag».

Det Norske Samlaget er eit norsk forlag som vart skipa den 24. mars 1868. Føremålet var å gje ut bøker på landsmål. Ein av stiftarane og fyrste formann var Hagbard Emanuel Berner, han var formann fram til 1877.

Det Norske Samlaget er no delt i to organisasjonar, litteraturselskapet og forlaget. «Litteraturselskapet Det Norske Samlaget» er ein kulturpolitisk interesseorganisajon som skal leggje tilhøva til rette for nynorsk bokutgjeving, og har også ansvaret for fleire legat og prisutdelingar som til dømes Melsom-prisen og Emma og Elias Blix' legat. «Forlaget Det Norske Samlaget» er frå 1978 skilt ut som sjølveigande forretningsdrivande stifting. Forlaget gjev ut tidskriftet Syn og Segn, bokverk, historiske, biografiske og skjønnlitterære verk, barne- og ungdomsbøker, ordbøker, vitskaplege og populærvitskaplege bøker på nynorsk. Forlaget gjev ut om lag 200 titlar i året, både på papir og digitalt. Edmund Austigard er forlagsdirektør og Håkon Kolmannskog er forlagssjef.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]