Det Politiske Parti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det politiske parti (DPP) var eit norsk politisk parti tufta av komikarane Johan Golden og Atle Antonsen. Partiet stilte til sitt første stortingsval i 2001 på slagord av typen «Din slave på tinget». Om DPP hadde fått inn representantar på Stortinget skulle det ha vorte røysta over kva desse representantane skulle stemme i kvar enkelt sak på den offisielle nettstaden til partiet. DPP ønskte m.a.o. å innføre ei form for direktedemokrati. Partiet nytta paraplyen som logo. Den var symbol på at dei dekte heile det politiske landskapet. I partiprogrammet til DPP heitte det at partiet bygde politikken sin på «fridom, likskap og politikk».

Partiet fekk nærare 1 % av alle røystene på landsbasis i sitt første valår (2001) og over 8 % i skulevala same året. Dette ville resultert i nærare 12 representantar på Stortinget om det var ekte val.

Etter Stortingsvalet i 2001 hadde partiorganisasjonen (som hovudsakleg bestod av to personar) stått stille. DPP deltok ikkje i kommune- og fylkesstyrevala i 2003. Då partiet ikkje hadde meldt overføring til partiregisteret fall partinamnet ut av Brønnøysundsregisteret som registrert partinamn etter stortingsvalet 2005.

Les òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare politiske parti i Noreg:
Arbeiderdemokratene | Barn-Eldre | Centrum | Demokratiske Sosialistar | Fedrelandspartiet | Fellesliste mot framandinnvandring | Folkeaksjonen mot Bompengar | Framstegspartiet (1957) | Frie Venstre-veljarar | Frihetsvernet | Frisindede Venstre Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet | Kristent Konservativt Parti | Kvit Valallianse | Det Liberale Folkepartiet (1972-1988) | Liberale Folkeparti (1957) | Moderate Venstre | Nasjonalalliansen | Nasjonal Samling | Noregs Demokratiske Parti | Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti | Norsk Folkeparti | Norsk Sosialdemokratisk Parti | Politisk Alternativ Hordaland | Det Politiske Parti | Reformpartiet | Rettferdspartiet | Samefolkets Liste | Samfundspartiet | Samlingspartiet | Samlingspartiet Ny Fremtid | Sjukehuslista for bevaring av Vestfold lokalsjukehus | Stopp Innvandringen | Sosialdemokratane | Sosialistisk Folkeparti | Sosialistisk Valforbund | Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste | Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti
Sjå òg: Politiske parti i Noreg
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.