Det Søndhordlandske Dampskibsselskab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det Søndhordlandske Dampskibsselskab
BransjeSjøfart, kollektivtransport, transport
LandNoreg

Det Søndhordlandske Dampskibsselskab var eit damskipsreiarlav i Sunnhordland skipa i 1871. Frå kring 1865 byrja dampskipsfarten i Sunnhordland, mellom anna med DS «Vøringen», DS «Bjørgvin» og DS «Constitutionen». Ingen av desse skipa klarte likevel å få til ei tilfredsstillande teneste for lokalfolket, og behovet for ein eigen båt ått av lokale kreftar melde seg raskt. På initiativ frå mellom anna kaptein Simonsen vart det invitert til teikning av aksjar for å etablere eit eige selskap og finansiere eit eige skip.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Det nye selskapet, Det Søndhordlandske Dampskibsselskab, vart stifta i 1871 med ein kapital på kr 48 000. DS «Søndhordland» vart sjøsett året etter og starta ei rute på Sunnhordland 11. juni 1872 med Simonsen som kaptein. Dei første åra gjekk drifta med underskot, men etter å ha fått tilskott frå staten nokre år vart drifta etterkvart lønsam. I 1879 fekk selskapet levert det andre skipet sitt, DS «Hordaland» frå eit verft i Malmö. DS «Hordaland» vart sett inn i rute mellom Bergen–Sunnhordland–Stavanger, men det vart fort klårt at dette ikkje var lønsamt. På same tid hadde Interessentskabet Hardangeren med skipet sitt DS «Hardangeren» si fulle hyre med å ta unna trafikken sin, og det var mange som såg potensialet i å slå saman dei to selskapa for optimalisere nytta av skipa og få til eit endå betre samferdselstilbod i Hardanger og Sunnhordland. Dette resulterte i 1880 i at Interessentskabet Hardangeren og Det Sønhordlandske Dampskipsselskab vart slått saman.

Det nye selskapet vart konstituert 23. oktober 1880 og fekk namnet Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab. Dette var opphavet til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) som etterkvart skulle utvikle seg til å bli eit av landet sitt største transportselskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]