Hopp til innhald

Det angolanske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det angolanske flagget

Det angolanske flagget blei teke i bruk som nasjonalflagg i Angola då landet fekk sjølvstende 11. november 1975.

Flagget er horisontalt delt i to like felt, raudt øvst og svart nedst. På midten er ei femtakka stjerne, ein del av eit tannhjul og ein machete i gult. Raudfargen symboliserer frigjeringskampen og den svarte fargen ein sjølvstendig afrikansk nasjon. Macheten symboliserer jordbruket, medan tannhjulet symboliserer industrien i landet. Stjerna står for internasjonalisme og framgang. Dei fem takkene i stjerne symboliserer eining, fridom, rettferd, demokrati og framgang.

Flagget til frigjeringsrørsla MPLA hadde same fargar og inndeling som nasjonalflagget, men hadde ikkje med kniven og tannhjulet. Stjerna på rørsla sitt flagg var større og plassert i sentrum av flagget.