Det argentinske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det argentinske riksvåpenet

Det argentinske riksvåpenet er danna av ein todelt ellipse med nasjonalfargane lyseblått og kvitt i botn. Ein opprett stav med ei frygisk hue på toppen er avbilda bak to helsande hender. Ein laurbærkrans omkransar skjoldet og Maisola stig opp over det. Den frygiske hua er eit symbol for fridom medan den oppstigande sola står for ei ny tid og ein ny nasjon. Maisola (Sol de Mayo) er også eit argentinsk nasjonalsymbol.

Våpenskjoldet til Asamblea General Constituyente frå 1813.

Riksvåpenet blei innført i si noverande form i 1944, men har opphav i våpenskjoldet til nasjonalforsamlinga frå 1813. Det blei først brukt til å forsegla eit dekret 22. februar det året. 13. april gav nasjonalforsamlinga ut nye myntar med dette merket på baksida. Frå 27. april blei det rekna som riksvåpen.

Riksvåpenet er hovudmerket på det argentinske presidentflagget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det argentinske riksvåpenet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Complete Flags of the World, Dorling Kindersley, femte utgåve 2008.