Det bahrainske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Det bahrainske flagget, FIAV 111111.svg proporsjon 3:5.

Det bahrainske flagget er raudt og kvitt med fem trekantspissar i skiljet mellom fargene. Flagget i si noverande form vart innført som nasjonalflagg i Bahrain i 2002, då fleire spissar vart endra til fem. Flagget blir nytta i uendra form som nasjonalflagg på land, handelsflagg, statsflagg og orlogsflagg.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Den raude fargen skal symbolisera den muslimske gruppa kharijitar.

Dei fem kvite spissane står for dei fem søylene i islam.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Det eldste kjende flagget frå Bahrain var heilt raudt. Det kvite feltet kom til som ei stripe på 1800-talet under britisk press, som teikn på at Bahrain hadde inngått forbund om å gjere slutt på sjørøvaråtak på handelsskip. Alle vennlegsinna statar i Persiabukta la til ein kvit bord. Frå 1832 brukte Bahrain brukte trekantspissar langs borden. Same året vart det også utforma eit nasjonalt våpenskjold.

Opphavleg hadde flagge tjueåtte kvite spissar, men dette vart redusert til åtte i 1972 og vidare til fem i 2002. Landet endra då status frå emirat til kongedømme, og fekk også eit noko endra flagg og eit nytt kongeflagg. Dette flagget er basert på nasjonalflagget, men har to kvite striper langs øvre og nedre kant, i tillegg også ei kongekrone i gult i øvre felt.

Liknande flagg[endre | endre wikiteksten]

Det qatarske flagget er raudt og kvitt med ein liknande sikksakkbord, men har ein djupare raudfarge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Album des pavillons nationaux et des marques distinctives. National flags and distinctive markings, Service hydrographique et océanographique de la marine, Brest, 2000
  • Complete Flags of the World, Dorling Kindersley, femte utgåve 2008.
  • Bahrain: History of the National Flag ved Flags of the World (flagspot.net)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det bahrainske flagget