Det britiske overhuset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 51°29′55.7″N 0°07′29.5″W

Salen i Westminsterpalasset der overhusmedlemmene samlar seg til møte, fotografert ein gong mellom 1870 og 1885

Det britiske overhuset (engelsk House of Lords, seremonielt House of Peers) er overhuset i Det britiske parlamentet. Som Underhuset held det møte i Palace of Westminster i London.[1]

I motsetnad til valde Underhuset er seta i Overhuset statleg statleg utnemnde eller arva. Medlemmene høyrer til to kategoriar: Lords Spiritual (dei øvste geistlege leiarane i Den engelske kyrkja) og Lords Temporal (medlemmer av adelsstanden). Dette er spegla i den formelle tittelen til forsamlinga, som er The Right Honourable The Lords Spiritual and Temporal in Parliament Assembled. Dei to medlemskategoriane er rekna som separate stender, men dei møter, debatterer og stemmer saman. Overhuset har over 800 medlemmer - i april 2017 hadde det 802 medlemmer som kunne stemma. 25 av dei var biskopar.[2] Talet på parlamentsmedlem i Underhuset ligg fast på 650, og Det britiske overhuset er dermed det einaste overhuset i noko tokammersystem som har eit større medlemstal enn underhuset sitt.[3]

Overhuset har i dag avgrensa makt. Med Parliament Act frå 1911 mista det sin absolutte vetorett, og kunne deretter berre utsetja lovforslag i inntil to år. Med Parliament Act frå 1949 blei denne retten innskrenka ytterlegare, til eitt år. Overhuset kan granska lover som er vedtekne av Underhuset.[4] Det går gjennom og sender lover tilbake til Underhuset med endringar,[5] eller med bod om å drøfta avgjerda ytterlegare.[6] Bortsett frå i særskilde avgrensa høve kan det ikkje stoppa lovar frå å bli vedtekne.

Tidlegare var Overhuset eit rent aristokratisk organ som representerte interessene til adelen. Med Life Peerages Act 1958 kunne statsministeren gjennom monarken gje personar ikkje-arvelege adelstitlar (baroni på livstid). I dag er fleirtalet av medlemmene, rundt 700, slike utpeika personar, medan berre rundt 92 av seta er knytt til arvelege titlar.[7]

Medlemmene i Overhuset kan ha partitilknytting eller møta som uavhengige, såkalla crossbenchers. Per apil 2017 var Det konservative partiet det største partiet i Overhuset med 253 medlemmer. Arbeidarpartiet hadde 201 og Liberaldemokratane 102 medlemmer. 177 medlemmer møtte som uavhengige.[8]

House of Lords var tidlegare høgaste domstol for alle straffe- og privatrettslege saker i England, Wales og Nord-Irland, og for privatrettslege saker i Skottland. Etter ei lovendring i 2005 blei denne funksjonen overført til ein ny Høgsterett i 2009. Fram til då hadde ein komite av medlemmer av Overhuset med juridisk kompetanse, kjent som «Law Lords», hatt denne funksjonen. Desse medlemmane avstod frå å stemme i Overhuset, slik at ein levde opp til maktfordelingsprinsippet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Quick Guide to the House of Lords» (PDF). Parliament of the United Kingdom. http://www.parliament.uk/documents/lords-information-office/HoLwhat-the-lords-and-its-members-do-v2.pdf. Henta 8. november 2011. 
  2. «Lords by party, type of peerage and gender», parliament.uk, http://www.parliament.uk/mps-lords-and-offices/lords/composition-of-the-lords/, henta 30. april 2017 
  3. Alan Siaroff, Comparing Political Regimes, University of Toronto Press 2013, chapter 6.
  4. «What individual Lords do». Parliament of the United Kingdom. http://www.parliament.uk/about/mps-and-lords/about-lords/lords/. Henta 29 January 2012. 
  5. Guide to the House of Lords, BBC Democracy Live, 31 May 2011, http://news.bbc.co.uk/democracylive/hi/guides/newsid_8184000/8184099.stm, henta 29 January 2012 
  6. Carmichael, Paul; Dickson, Brice (1999). The House of Lords: Its Parliamentary and Judicial Roles. Hart Publishing. s. 16. ISBN 978-1-84113-020-0. 
  7. «Diverse experience», parliament.uk, http://www.parliament.uk/business/lords/whos-in-the-house-of-lords/members-and-their-roles/diverse-experience/, henta 30. april 2017 
  8. «Lords by party, type of peerage and gender», parliament.uk, http://www.parliament.uk/mps-lords-and-offices/lords/composition-of-the-lords/, henta 30. april 2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]