Det danske bassenget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det danske bassenget er eit sedimentasjonsbasseng mellom Ringkøbing–Fyn-ryggen og Den fennoskandiske randsona sørvest for Det baltiske skjoldet. Det danske bassenget utgjer den austlege delen av Det norsk-danske bassenget.

Det danske bassenget vart danna i slutten av permtida, som er 245 millionar år sidan. Sedimentasjonsbassenget har ein 5000 meter tjukk lagpakke av ikkje-marine sediment frå triastida. Frå slutten av triastida og fram til i dag er det hovudsakleg avsett marin leire.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]