Det eritreiske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Det eritreiske flagget. Tilhøvet er 1:2.
Det eritreiske presidentflagget

Det eritreiske flagget som blei teke i bruk i 1995 er eit av verdas yngste nasjonalflagg. Det er dominert av ein raud likebeina trekant som går vassrett over flagget frå flaggstanga, med mindre trekantar i grønt og blått over og under. På den raude trekanten er eit gult symbol danna av ein bladkrans med 30 blad og ei loddrett olivengrein med 18 blad. Flagget blei nasjonalflagg i Eritrea den 5. desember 1995. Presidentflagget har same utforming, men bruker det eritreiske riksvåpenet som symbol i den raude trekanten.

Opphav og symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Utforminga av flagget stammar frå flagget til Det eritreiske folket sin frigjeringsfront, som hadde ei gul stjerne som symbol. Den raude fargen på flagget står for blodet som blei spelt under fridomskampen. Grønt står for grøderikdom i jordbruket og blått står for rikdom frå havet.

Olivengreinsymbolet kjem frå flagget som blei brukt frå 1952, då Eritrea fekk sjølvstende og gjekk i føderasjon med Etiopia. Dette var eit flagg med lyseblå duk som SN-flagget, og ei grøn olivengrein i midten. Dukfargen og fredsteiknet var begge brukte for å æra SN sin hjelp i å gje landet sjølvstende.

Etiopia sin anneksasjon av Eritrea i 1958 medførte mellom anna at flagget blei avskaffa. Det blei eit viktig nasjonalsymbol, og blei brukt som «fridomsflagg» fram til Eritrea fekk sjølvstende i 1993. Det nye flagget med symbolet og trekantane blei første gongen heist då ved sjølvstendedagen 24. mai 1993. Det blei så standardisert ved lov i 1995. Mellom anna blei talet på blad i kransen fastsett til 30, eitt for kvart å landet hadde vore i krig for å få sjølvstende.

Andre flagg[endre | endre wikiteksten]

Då Eritrea blei okkupert og kolonisert av Italia i 1890 blei den italienske trikoloren med våpenet til Huset Savoia i midten teke i bruk i landet. Dette varte fram til 1941, då Italia blei overvunne i krig.

Som del av Etiopia fram til sjølvstendet i 1993 brukt Eritrea det etiopiske flagget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]