Det europeiske forsvarsbyrået

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen til byrået
Medlemsstatar (mørkeblått), EU-land utanfor EDA (lyseblått), samarbeidsland (grønt).

Det europeiske forsvarsbyrået (European Defence Agency, EDA) er eit samarbeidsorgan for til forsvars- og rustningspolitikk, etablert i Den europeiske unionen. Byrået vert leia av Federica Mogherini.[1]

Det europeiske forsvarsbyrået vart etablert i 2004, som eit instrument i EUs felles tryggings- og forsvarspolitikk. Det har til oppgåve å harmonisera forsvars- og rustningspolitikken i EUs medlemsstatar. Føremålet er vidare å oppnå ei forbetring av den militære kapasiteten i EU og å effektivisera evna innanfor byrået til å handtere krisar. Føremålet er dessutan å effektivisera europeisk rustningsindustri.[2]

EDA hadde per 2018 ca. 140 tilsette, og hovudkontor i Brussel.[3]

Medlemsland og samarbeidsland[endre | endre wikiteksten]

Alle EU-medlemslanda bortsett frå Danmark deltek i byrået. Etter at Danmark sa nei gjekk landet i staden med på Maastricht-avtala i 1992. Dette var eit nasjonalt kompromiss der landet tok atterhald overfor EU på fire område, mellom dei forsvar. EU godtok dette atterhaldet.[4]

Byrået har samarbeidsavtaler med Noreg (2006), Sveits (2012), Serbia (2013) og Ukraina (2015).[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Head of Agency». www.eda.europa.eu (engelsk). Henta 17. april 2018. 
  2. Bildung, Bundeszentrale für politische. «Europäische Verteidigungsagentur | bpb». www.bpb.de (tysk). Henta 18. april 2018. 
  3. Anonymous (16. juni 2016). «Det Europæiske Forsvarsagentur (EDA) - Europæiske Union - European Commission». Europæiske Union (engelsk). Henta 18. april 2018. 
  4. «EU-forsvarsforbeholdet». www.fmn.dk (dansk). Henta 18. april 2018. 
  5. «Member States». www.eda.europa.eu (engelsk). Henta 18. april 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]