EFTA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
EFTA


Kart over noverande EFTA-medlemsland.
Skipa4. januar 1960
HovudkontorGenève
Nettstadhttps://www.efta.int

Det europeiske frihandelsforbundet (engelsk European Free Trade Association, forkorta EFTA) blei oppretta i 1960. I dag er Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits medlemar, og generalsekretæren er Henri Gétaz.[1]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Det opphavlege grunnlaget for EFTA var Stockholmkonvensjonen som berre omhandla frihandel. Noreg og Sveits var med og skipa frihandelsforbundet saman med Storbritannia, Danmark, Sverige, Austerrike og Portugal. Den 21. juni 2001 underskreiv dei fire siste EFTA-landa Vaduzkonvensjonen som er grunnlaget for samarbeid på ei lang rekkje område. EFTA er inspirert av EU, men har i mindre grad eit inngripande samarbeid.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

EFTA har frihandelsavtaler mellom medlemslanda og andre statar, inkludert EU. Avtala mellom EFTA og EU vert kalla EØS, Sveits er likevel ikkje med i denne avtala.

Offisielt har EFTA berre eit organ. Det er Rådet som kjem saman på ministernivå to gonger i året, og på ambassadørnivå omtrent kvar fjortande dag. Alt som blir sagt i Rådet blir skrive ned ord for ord.

EFTA har likevel mange uformelle styringsorgan:

  • «Deputies» står for den verkelege styringa av arbeidet i Genève og kjem saman nesten dagleg når det er som mest travelt i førebuingar til ministermøta.
  • «Den faste komitéen» i Brussel har om lag dei same oppgåvene, men då i forhold til EU-samarbeidet.

EFTA-sekretariatet har ingen rett til å gjera vedtak. Det blir leia av ein generalsekretær. EFTA-domstolen er i motsetnad til EFTA ein internasjonal organisasjon. Domstolen har domsmyndigheit over Noreg, Island og Liechtenstein.

Medlemar[endre | endre wikiteksten]

██ Noverande EFTA-statar██ Tidlegare medlemmar (no med i EU)██ Øvrige EU-medlemmar
Periode Land
1 19601973  Danmark
2 19601973  Storbritannia
3 19601986  Portugal
4 19601995  Sverige
5 19601995  Austerrike
6 19861995  Finland
7 1960  Noreg
8 1960  Sveits
9 1970  Island
10 1991  Liechtenstein

Internasjonale frihandelsavtaler[2][endre | endre wikiteksten]

Periode Land Merknad
19791986  Spania
19922004  Tsjekkoslovakia

(frå 1993  Tsjekkia og  Slovakia)
 Polen
 Romania

 Sveits stod utanfor denne bilaterale avtala
19932004  Ungarn
19932007  Bulgaria
19952004  Estland

 Latvia
 Litauen
 Slovenia

1991  Tyrkia
1992  Israel  Sveits står utanfor denne bilaterale avtala
1999  Palestina

 Marokko

2001  Mexico
2002  Kroatia

 Makedonia
 Jordan

2003  Singapore
2004  Chile
2005  Tunisia
2006  Sør-Korea
2007  Libanon

 Egypt

2008 Tollunionen i Det sørlege Afrika

(dei fem landa  Botswana,  Lesotho,
 Namibia,  Sør-Afrika og  Swaziland)

2009  Canada
2010  Colombia

Golfrådet
(dei seks landa  Dei sameinte arabiske emirata,
 Kuwait,  Bahrain,  Saudi-Arabia,
 Oman og  Qatar)
 Peru
 Ukraina

Generalsekretærar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Periode Namn Land
1. 19601965 Sir Frank Edward Figgures  Storbritannia
2. 19651972 Sir John Coulson  Storbritannia
3. 19721975 Bengt Rabaeus  Sverige
4. 19761981 Charles Müller  Sveits
5. 19811988 Per Kleppe  Noreg
6. 19881994 Georg Reisch  Austerrike
7. 19942000 Kjartan Jóhannsson  Island
8. 20002006 William Rossier  Sveits
9. 20062012 Kåre Bryn  Noreg
10. 20122018 Kristinn F. Árnason  Island
11. 2018 Henri Gétaz  Sveits

Kjelder[endre | endre wikiteksten]