Det føderale distriktet i Brasil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det føderale distriktet i Brasil
delstat
Land  Brasil
Del av Centro-Oeste
Areal 5 802 km²
Folketal 3 039 444 (2017)[1]
Kart
Det føderale distriktet i Brasil
15°46′0″ S 47°45′0″ W
Wikimedia Commons: Distrito Federal (Brazil)

Det føderale distriktet i Brasil, portugisisk Distrito Federal, er ei av 27 føderative einingar i landet. Ho er den minste brasilianske føderale eininga og den einaste som ikkje har nokon kommune, men er delt inn i 33 administrative regionar. Den føderale hovudstaden i Brasil, Brasília, som også er regjeringssetet i det føderale distriktet, ligg innanfor territoriet til Det føderale distriktet. Det føderale distriktet er nesten fullstendig omgjeve av delstaten Goiás, men det deler ei kort grense med Minas Gerais.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første hovudstaden i Brasil var Salvador i Bahia. Frå 1763 overtok Rio de Janeiro. Ideen om å flytte den føderale hovudstaden frå Rio de Janeiro til det indre av Brasil går tilbake til slutten av 1800-talet. Avgjersla om å byggje Brasília som den nye hovudstaden vart tatt i 1955. I april 1960 overtok Brasília rolla frå Rio de Janeiro som føderal hovudstad i Brasil.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Det føderale distriktet er relativt stort, med eit areal på 5802 km2, tilsvarande 60 % av arealet til Rogaland fylke. Klimaet er eit tropisk savanneklima, med ein tydeleg våt og tørr sesong. Bygginga av Paranoá-sjøen bidreg til å redusere tørke- og brannrisiko i den tørre årstida.

Politisk struktur[endre | endre wikiteksten]

Det føderale distriktet er styrt av ei organisk lov i staden for ei statsforfatning. Det har eit lovgjevande kammer, den utøvande makta blir halden av guvernøren.

Ein del av budsjettet til det føderale distriktet kjem frå eit konstitusjonelle fond, med ein stor del avsett til offentlege tryggingsutgifter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]