Det felles europeiske rammeverket for språk
Utsjånad
Det felles europeiske rammeverket for språk er ei retningsline og nivåskala utarbeidd av Europarådet for å vurdere kunnskaps- og dugleiksnivået til språkstudentar i Europa etter ein felles standard, mellom anna til hjelp i arbeidet med å utvikle høvelege læremiddel tilpassa dei ulike nivåa. I aukande grad er dette rammeverket òg teke i bruk i land utanfor Europa.
Rammeverket gjer greie for dei ulike nivåa for både lese-, lytte-, snakke- og skriveferdigheitane. Skalaen er inndelt i tre hovudnivå, kvar av dei med to undernivå, til saman seks ulike nivå:
- A – språkbrukar på grunnleggjande nivå
- A1 – begynnarnivå
- A2 – elementært nivå
- B – sjølvstendig brukar
- B1 – mellomnivå
- B2 – høgare mellomnivå
- C – kompetent språkbrukar
- C1 – avansert nivå
- C2 – språkleg dugleik nesten på nivå med ein morsmålsbrukar