Det finske sametinget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det finske sametinget

Det finske Sametinget (nordsamisk Sámediggi, finsk Saamelaiskäräjät) er eit forvaltingsorgan for samane i Finland med 21 representantar i eit folkevald parlament. Presidenten i det finske sametinget er Tiina Sanila-Aikio.

Det finst tilsvarande sameting i Noreg og Sverige. Dei tre sametinga arbeider saman i Samisk parlamentarisk råd.

Det finske sametinget vart stifta i 1996, og det erstatta det samiske parlamentsutvalet (saamelaisvaltuuskunta) fra 1973. Det finske sametinget er det høgaste politiske organet for finske samar, og det høyrer under det finske justisdepartementet, og ikkje under den finske staten. Den viktigaste oppgåva til det finske sametinget er å planleggje og setje ut i livet det samiske kulturelle sjølvstyret som er slått fast i den finske grunnlova. Sametinget disponerer dei løyvingane som den finske staten har gjeve til samiske formål.

Sametinget sett ned sju nemnder for å arbeide med ulike delar av den samiske politikken: skole- og læremiddelnemnda, nærings- og rettigheitsnemnda, kulturnemnda, sosial- og helsenemnda, ungdomsnemnda, valnemnda og den samiske språknemnda.

Røysterett[endre | endre wikiteksten]

Etter lova om sameting (974/1995, §3) er ein same ein person som reknar seg sjølv for same, under det vilkåra at:

  1. han eller ho sjølv, eller ein av foreldra eller besteforeldra hans eller hennar har samisk som førstespråk; eller
  2. han eller ho er etterkommar av ein person som er ført opp i fjell-, skog- eller fiskarlapperegisteret (tunturi-, metsä tai kalastajalappalaiseksi), eller
  3. at minst ein av foreldra hans eller hennar er ført opp eller kunne ha vore ført opp som røystefør i valet til det samiske parlamentsutvalet eller sametinget.

I perioden 2012 - 2015 har det finske sametinget ei regjering beståande av følgjande medlemmer:

  • Klemetti Näkkäläjärvi, leiar (og sametingets president)
  • Tiina Sanila-Aikio, I nestleiar
  • Heikki Paltto, II nestleiar
  • Asko Länsman
  • Petra Magga-Vars
  • Pirita Näkkäläjärvi
  • Ilmari Tapiola

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]