Det fjerne Austen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det fjerne Austen er eit europeisk omgrep for landa i Aust-Asia, og kom i bruk i engelsk under det britiske imperiet som et samnemning for landa aust for India. Før første verdskrigen vart Det nære Austen brukt om landa nær det osmanske riket, Midt-Austen til nordvestlege Sør-Asia og Sentral-Asia, og Det fjerne Austen for land langs den vestlege delen av Stillehavet og den austlege delen av Indiahavet.

Nemninga er likeså mykje knytt til kultur som til geografi; Australia og New Zealand, som kulturelt er vestleg orientert, vert aldri omtalt som ein del av det fjerne austen.