Det fleirspråklege bibliotek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det fleirspråklege bibliotek (DFB) ved Deichmanske bibliotek er eit nasjonalt kompetansesenter for fleirkulturelle bibliotektenester og rådgjevar for bibliotek.

DFB kjøper inn og låner ut bøker, lydbøker, film og musikk på mange språk. Desse språka er: Albansk, amharisk, arabisk, bosnisk, burmesisk, dari, engelsk, finsk, fransk, hausa, hindi, joruba, kinesisk, kroatisk, kurdisk, litauisk, nederlandsk, oromo, panjabi, pashto, persisk, polsk, portugisisk, rumensk, russisk, serbisk, shona, somali, spansk, swahili, tagalog, tamil, thai, tigrinja, tsjetsjensk, tyrkisk, twi, ungarsk, urdu og vietnamesisk.

Historie og bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

arbeidsinnvandringa til Noreg skaut fart på slutten av 1960-talet, var Deichmanske bibliotek tidleg ute med å fange opp behova til dei mange innvandrarane i hovudstaden.[1] Det var hovudsakleg pakistanarar som kom til Noreg på denne tida, og dei fyrste bøkene på urdu vart kjøpt inn av biblioteket tidleg på 1970-talet. Etter kvart kom det andre grupper til Noreg. Dette førte til etterspurnad etter bøker på språk som arabisk og tyrkisk.

Bibliotek i andre delar av Noreg merka også ei auke i etterspurnaden etter bøker på fleire språk. Deichmanske bibliotek fekk derfor eit nasjonalt ansvar for det fleirspråklege tilbodet, og frå 1975 har Staten ved Kulturdepartementet gjeve ei årleg løyving til verksemda.

Tilbodet vart raskt populært, og krava til kompetanse og auka arbeidsmengde tvinga fram nye måtar å organisere verksemda på. I 1983 oppretta Deichmanske bibliotek Avdeling for innvandrerlitteratur. I 1996 skifta avdelinga namn til Det fleirspråklege bibliotek og vart lansert som nasjonalt kompetansebibliotek av Statens bibliotektilsyn (nå ABM-utvikling).

Det fleirspråklege bibliotek har tre hovudfunksjonar:

  • Kompetanse- og rettleiingssenter for fleirkulturelle bibliotektenester med vekt på tenester til asylsøkjarar, innvandrarar og flyktningar.
  • Innkjøps- og katalogavdeling for litteratur og andre medium på mange språk.
  • Nasjonal fjernlånsentral for litteratur og andre medium til asylsøkjarar, flyktningar og innvandrarar.

Målgruppene til Det fleirspråklege bibliotek er:

  • Fylkes-, folke- og skulebibliotek og andre offentlege institusjonar som sjukehusbibliotek og fengselsbibliotek.
  • Pedagogisk personale i barnehagar og utdanningsinstitusjonar.
  • Personar som har DFB sine språk som morsmål, og andre som vil lære nye språk.

Nettenesta Bazar[endre | endre wikiteksten]

Det fleirspråklege bibliotek har utvikla og driv nettenesta «Bazar», som er ei netteneste på 14 språk, laga spesielt for språklege minoritetar i Noreg. Føremålet med Bazar er å lette den enkelte sin overgang frå heimlandet til Noreg, fremje integrasjon i det norske samfunnet og sikre kontakten med samfunnsutvikling, kultur og språk i heimlandet. Bazar inneheld informasjon om norsk samfunn og kultur, norskopplæring, organisasjonar og aviser frå mange land.

Forlagsverksemd[endre | endre wikiteksten]

Det fleirspråklege bibliotek har fått eineretten i Noreg til å omsetje og utgje bøker frå det britiske forlaget Mantra Lingua. Bøkene er tospråklege barnebøker med tekst på norsk (bokmål) og parallelltekst på arabisk, kurdisk, persisk, somali og urdu. Det er til no kome ut 5 bøker:

  • Ali Baba og de førti røverne
  • Beowulf
  • Den virvlende hijab
  • Den lille røde høna og hvetekornene
  • En reise gjennom islamsk kunst

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]