Det færøyske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riksvåpenet til Færøyane.

Det færøyske riksvåpenet har opphav frå 1400-talet.[1] Våpenskjoldet viser ein vêr på blå bakgrunn.

Våpenskjoldet vart teke ut av bruk då lagtinget vart nedlagt i 1816. Etter at lagtinget vart gjenreist i 1852, og sjølv medan Færøyane var sjølvstendige under den andre verdenskrigen, var ikkje det færøyske riksvåpenet brukt. Det færøyske riksvåpenet vart teke i bruk igjen i 1948, men det var berre statsministeren og regjeringa, og ikkje lagtinget, som brukte våpenskjoldet.

Eit nytt våpenskjold vart laga, og den 1. april 2004 kunngjorde den færøyske statsministeren at styresmaktene skulle byrja å nytta den nye utgåva av riksvåpenet. Den nye utgåva vart grunnlagd på den opprinnelege utgåva frå Kirkjubøur. Letene var inspirert av det færøyske flagget, og gult/gull vart lagt til deretter. Den nye utgåva viser ein sint vêr, klår til å verja. Det nye riksvåpenet vert nytta av dei færøyske styresmaktene og dei færøyske ambassadane.

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Skjaldarmerkið», www.lms.fo (på færøysk), henta 28. september 2022