Grøne belte i Storbritannia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Det grøne beltet)
Kart over grøne belte i England.

Grønt belte innan britisk byplanlegging er eit konsept danna for å kontrollere utbreiinga til byområde. Det inneber at visse område rundt byar ikkje er tilgjengelege for utbygging. Det fyrste grøne beltet blei oppretta rundt London av bustadministeren Duncan Sandys.

Politikken går ut å bevara ein ring med ope landskap rundt store tettbygde område ved å legga restriksjonar på framtidig utbygging. På denne måten ynskjer ein å bevare område egna for jordbruk, skogbruk og liknande.

Grøne belte i England[endre | endre wikiteksten]

I 2003 var det fjorten grøne belte i England, som til saman verna 13 % av arealet i landet.

Areal (km²) Område
5133 London (Metropolitan Green Belt)
2578 Nordvest-England (Merseyside og Stor-Manchester)
2556 South Yorkshire og West Yorkshire
2315 West Midlands
825 Sørvestlege Hampshire og søraustlege Dorset (Bournemouth/Poole, New Forest)
688 Avon (Bristol og Bath)
663 Tyne and Wear
618 Nottingham og Derby
441 Stoke-on-Trent
350 Oxford
267 Cambridge
262 York
70 Gloucester og Cheltenham
0,7 Burton upon Trent og Swadlincote
16 766 Totalt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]