Det haitiske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det haitiske stats- og orlogsflagget
Det haitiske nasjonal- og handelsflagget
Det haitiske flagget i åra 1964–1986

Det haitiske flagget er vassrett delt i blått over raudt. Flagget er i storleiksforholdet 3:5. Den noverande forma av flagget vart offisielt teke i bruk 17. februar 1986, men flagget stammar frå byrjinga av 1800-talet.

Nasjonalflagget er eit horisontalt delt flagg med blått øvst og raudt nedst, medan statsflagget i tillegg har riksvåpenet på eit kvitt felt midt i flagget. Det haitiske riksvåpenet viser eit palmetre med ei fridomshue på toppen. Palmen er flankert av ei flaggborg og har to kanonar, kanonkuler, trommer og trompetar i front. Riksvåpenet ber mottoet L’Union Fait La Force («Einskap gjev styrke»). Nasjonalflagget utan riksvåpen fungerer også som handelsflagg, medan flagget med riksvåpen også er orlogsflagg.

Flagghistorie[endre | endre wikiteksten]

Det haitiske flagget stammar frå revolusjonstida, då konventet i Paris utnemnde Toussaint L’Ouverture til guvernør over øya. I 1798 tok han i bruk den franske trikoloren. Dette skulle vere eit symbol på at fridomsideala frå revolusjonen også gjaldt slavane på Haiti. Trikoloren var i bruk fram til L’Ouverture sitt fall i 1802.

I mai 1803 avgjorde Jean-Jacques Dessalines at flagget skulle endrast. Det kvite feltet vart teke vekk, ettersom ein meinte det representerte undertrykkjarane. Fargane raud og blå vart oppfatta som symbol på den haitiske folkesetnaden med svarte og folk med blanda opphav. Fargane blått og raudt vart nytta både i horisontale og vertikale striper. Æra for å ha sydd det fyrste flagget vert tilskriven Dessaline si guddotter Catherine Flon, som under Arcahaiekongressen 18. mai 1803 sydde saman den raude og blå delen av eit flagg der det kvite hadde vorte rive vekk. Då Haiti 1. januar 1804 vedtok sjølvstende og ei grunnlov, vart blått og raudt nytta som det sjølvstendige Haiti sitt flagg. Den blå fargen vart endra til svart 20. mai 1805, etter at Dessalines i oktober 1804 vart utropt til keisar under namnet Jacques I. Den svarte fargen skulle då representere fridommen dei svarte kjempa for. Svart og raudt var i bruk fram til Dessalines vart myrda i 1806, men fargane vart også brukte i åra 1811–1820 av kongedømmet som vart etablert nord på Haiti. Då landet i 1822 vart samla under republikken, ser flagget med horisontale striper, blått over raudt, ut til å ha vorte einerådande. Med riksvåpenet som tillegg vart det stadfesta i seinare grunnlover.

Under sommar-OL i Berlin i 1936 vart det oppdaga at Haiti og Liechtenstein hadde same flagg, noko som førde til at Liechtenstein la til ei krone i sitt flagg. Det vart ikkje gjort endringar i det haitiske flagget før 21. juni 1964, då presidenten i landet, Duvalier, avgjorde at ein skulle gå tilbake til flagget i svart og raudt i grunnlova som då vart innført. Bakgrunnen var Duvalier sitt politiske program for ein «svart revolusjon». Flagget i svart og raudt, også dette med riksvåpenet på kvitt felt i midten av statsflagget, vart nytta under Duvalier-familien sitt regime, fram til dette vart styrta i 1986.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]