Det indiske forsvaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Indian Armed Forces (IAF)
भारतीय सशस्त्र सेनाएं, Bhāratīya Saśastra Sēnāēn
HovudkontorNew Delhi
LeiarDen indiske presidenten Pranab Mukherjee
Inntekt36,03 mrd. USD (2011)[1]
TilsetteAktivt personell: 1 325 000[2]

Tilgjengelege for teneste: 319 129 420 menn, alder 16–49 (est. 2010.),
296 071 637 kvinner, alder 16–49 (est. 2010)
Tenestedyktige: 249 531 562 menn, alder 16–49 (est. 2010.),
240 039 958 kvinner, alder 16–49 (est. 2010)


Reservepersonell: 2 142 821[2]
MedlemmerFlag of Indian Army.svg Hæren
Naval Ensign of India.svg Marinen
Air Force Ensign of India.svg Luftforsvaret
Indian Coast Guard flag.png Kystvakta
Strategic Nuclear Command
Integrated Space Cell
UndergrupperNasjonale leverandørar: Heavy Vehicles Factory
Bharat Electronics Limited
Gun Carriage Factory Jabalpur
Hindustan Aeronautics Limited
Ishapore Rifle Factory
Ordnance Factories Organisation
Tata Motors
Heavy Alloy Penetrator Project
Mazagon Dock Limited
Cochin Shipyard
Bharat Dynamics Limited
Bajaj Auto - fellesføretak - Rolta India Ltd
Mahindra & Mahindra
Ashok Leyland
Shaktiman truck
Maruti Suzuki
Utanlandske leverandørar: Flag of Russia.svg Russland
Flag of Israel.svg Israel
Flag of the United States.svg USA
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Flag of Sweden.svg Sverige
Flag of Belgium (civil).svg Belgia
Flag of Germany.svg Tyskland
Flag of Italy.svg Italia
Flag of Brazil.svg Brasil
Flag of Romania.svg Romania
Flag of Turkey.svg Tyrkia

Det indiske forsvaret er dei militære styrkane til republikken India. Forsvaret består av hæren, marinen, luftforsvaret, kystvakta og diverse andre einingar. Presidenten i India er øvstkommanderende for forsvaret, medan det blir forvalta av forsvarsministeren.

Det indiske forsvaret er blant dei største militære styrkane i verden, med ein ståande hær på om lag 1,32 millioner aktive soldatar og ein reservestyrke på 2,14 millionar soldatar (2006). Dette gjer at India har verdas tredje største aktive personellstyrke[2][3] etter Folkets frigjeringshær i Kina og Forsvaret i USA.[4]

Sidan India fekk sjølvstende har forsvarsstyrkane kjempa i fleire militære operasjonar, mellom anna tre indo-pakistanske krigar i høvesvis 1947, 1965 og 1971, den sino-indiske krigen, dei sino-indiske trefningane i 1987, Kargilkrigen og i andre konfliktar. Forsvaret har også sendt fredsbevarande styrkar til Sri Lanka (1987–1990), Maldivane (1988) og ulike SN-oppdrag.

Det offisielle forsvarsbudsjettet for finansåret 2011 var på 36,03 milliardar US-dollar (eller 1,83 % av BNP),[1] men kommentatorar reknar med at dei faktiske forsvarsutgiftene er mykje høgare enn dette.[5] Det indiske forsvaret er i rask ekspansjon og modernisering,[6] og har planar om å få til eit aktivt romprogram for militær bruk.[7] Det utviklar for tida eit rakettskjold og ein kjernefysisk triade. Forsvaret i India har kontroll over atomvåpen og opererer med kortdistanse og mellomdistanse ballistiske missil, i tillegg til fly og marinefartøy som kan bera atomvåpen.[8] India er verdas største importør av våpen og står for 9 % av den globale importen, men landet er også blant dei 30 øvste når det gjeld våpeneksport.[9] India importerer nær 70 % av våpena sine, med Israel, Russland og USA som dei største militære leverandørane.[10][11][12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 The SIPRI Military Expenditure Database, SIPRI
  2. 2,0 2,1 2,2 «India's Armed Forces, CSIS (side 24)» (PDF). 25. juli 2006. 
  3. Page, Jeremy. «Comic starts adventure to find war heroes». The Times (9. februar 2008).
  4. «Reuters AlertNet - Indian defence budget unlikely to satisfy forces». Alertnet.org. 27. februar 2007. Henta 1. august 2010. 
  5. Broadsword (11. mars 2008). «Ajai Shukla: How much is the defence budget?». Business-standard.com. Henta 1. august 2010. 
  6. Donald Greenlees: «China and India leading Asian missile buildup», International Herald Tribune (September 19, 2007). Arkivert versjon.
  7. Rabinowitz, Gavin (18. juni 2008), India's army seeks military space program, http://www.sfgate.com/cgi-bin/article.cgi?f=/c/a/2008/06/18/MNRR11AJK9.DTL&type=science 
  8. India successfully tests missile interceptor»
  9. «Top List TIV Tables-SIPRI»
  10. «End of an era: Israel replaces Russia as India's top military supplier». World Tribune. Henta 18. mars 2011. 
  11. «Russia Competing to Remain India's Top Military Supplier». India Defence. Henta 18. mars 2011. 
  12. Cohen, Stephen and Sunil Dasgupta. «Arms Sales for India». Brookings Institution. Henta 18. mars 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]