Det indiske nasjonalmuseet

Koordinatar: 28°36′42.5″N 77°13′9.3″E / 28.611806°N 77.219250°E / 28.611806; 77.219250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

28°36′42.5″N 77°13′9.3″E / 28.611806°N 77.219250°E / 28.611806; 77.219250

Det indiske nasjonalmuseet i New Delhi.

Det indiske nasjonalmuseet (engelsk National Museum) er eit museum i New Delhi som blei skipa i 1949, kort tid etter at India fekk sjølvstende. Museet inneheld kunst og historiske objekt frå indisk historie og nokre utanlandske objekt i ei samling av over 200 000 gjenstandar, og er eitt av ei største i landet. Det blir drive av kulturdepartementet og turistdepartementet i India.[1]

Det indiske nasjonalmuseet ligg sentralt i New Delhi, på hjørnet mellom Janpath og Maulana Azad Road.[1] Det er stengd på måndagar.[2]

Buddhautskjeringelfenbein i Det indiske nasjonalmuseet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Planane for museet blei laga av Gwyer-komiteen i 1946. Etter ei utstilling av utvalde indiske gjenstandar ved Royal Academy i London vinteren 1947/48 blei den same samlinga vist fram i Delhi. Utstillinga blei halden i Rashtrapati Bhavan i 1949, og var ein stor suksess. 15. august 1949 blei det indiske nasjonalmuseet innvigd her av dåverande guvernør-general C. Rajagopalachari. Samlinga blei verande i den indiske presidentbustaden Rashtrapati Bhavan fram til ein eigen museumsbygning stod klar.

Nasjonalmuseumbygningen blei teikna av arkitekten Ganesh Bikaji Deolalikar.[3] Grunnsteinen for denne bygningen blei lagt av statsminister Jawaharlal Nehru 12. mai 1955.[4] 18. desember 1960 blei museet opna av visepresident S. Radhakrishnan.[3]

Dansejenta frå Mohenjo-Daro.
Miniatyrmåleri av Visjnu og Laksjmi frå rundt 1810.

Samling[endre | endre wikiteksten]

Samlinga er stilt ut i tre etasjar. Blant galleria finst ei stor samling objekt frå Indusdalsivilisasjonen, mellom anna skulpturar som «dansejenta frå Mohenjo-daro» og «prestehovudet», segl, keramikk og leiketøy. Museet har også utstillingar knytt til utviklinga av indisk skrift og myntar, buddhistisk kunst og indiske miniatyrmåleri.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 About us, nationalmuseumindia.gov.in
  2. Visting, nationalmuseumindia.gov.in
  3. 3,0 3,1 Story of a Genesis, Indian Express
  4. History, nationalmuseumindia.gov.in
  5. Collections, nationalmuseumindia.gov.in

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]