Det internasjonale Nansenkontoret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det internasjonale Nansenkontoret (Office international Nansen pour les réfugiés) var eit organ oppretta av Folkeforbundet i 1930 og hadde som føremål å vidareføra den nyleg avdøde Fridtjof Nansen sitt arbeid for flyktningar, som han hadde organisert i 1921. Nansenkontoret hadde hovudsete i Genève i Sveits.

Nansenkontoret tok opp flyktningsaker i Frankrike, Syria, Jugoslavia, Hellas, Tyskland, Bulgaria, Tsjekkoslovakia, Tyrkia, Romania, Sveits og Kina. Det gav flyktningar Nansenpass, ordna visum, skaffa bustad og arbeid, og hjelpte til med mat og medisinar. Rundt ein tredel av verksemda til kontoret blei finansiert av flyktningane sjølv gjennom kjøp av Nansenpass. Resten blei finansiert av Folkeforbundet, regjeringar, privatpersonar og humanitære organisasjonar.

Hjelp til flyktninger frå det nasjonalsosialistiske Tyskland etter 1933 og frå den spanske borgarkrigen viste seg derimot å vera problematisk fordi dette låg utanfor myndet til Nansenhjelpen. Mange statar vegra seg mot å ta imot flyktningar frå desse landa.

Den første presidenten for Nansenkontoret var frå 1930 til februar 1933 Max Huber. Den dåverande presidenten for Den internasjonale raudekrosskomiteen.

Nansenkontoret blei tildelt Nobels fredspris i 1938. Prisen blei teken i mot av den norske presidenten for kontoret, Michael Hansson.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]