Det internasjonale energibyrået
Det internasjonale energibyrået | |||
| |||
Skipa | 1974 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Paris, Carré Suffren | ||
Nettstad | https://www.iea.org/ |
Det internasjonale energibyrået (IEA) er ein internasjonal organisasjon oppretta i november 1974 for å forebygge forstyrrelsar i oljeforsyningane og for å skaffe til vege informasjon og statistikk om den internasjonale oljemarknaden og andre energisektorar. Subsidiært arbeider IEA med å fremme og utvikle alternative energikjelder, rasjonell energipolitikk og multinasjonalt samarbeid om energiteknologi.
IEA har ein kombinert oljereserve på 4 milliardar fat 1,4 milliardar blir kontrollert av medlemsregjeringane for bruk i naudssituasjonar. IEA brukte av reservane i samband med gulfkrigen i 1991 og orkanen «Katrina» i 2005.
Kvar veke offentleggjer IEA storleiken på lagra av råolje og gass i USA. Desse tala verkar direkte inn på oljeprisen i marknaden.
Medlemsland
[endre | endre wikiteksten]Organisasjonen har 26 medlemsstatar og hovudkvarter i Paris i Frankrike. IEA er ein autonom internasjonal organisasjon under OECD.
- Australia
- Belgia
- Canada
- Danmark
- Finland
- Frankrike
- Hellas
- Irland
- Italia
- Japan
- Luxembourg
- Nederland
- New Zealand
- Noreg
- Portugal
- Spania
- Storbritannia
- Sveits
- Sverige
- Sør-Korea
- Tsjekkia
- Tyrkia
- Tyskland
- Ungarn
- USA
- Austerrike
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Det internasjonale energibyrået» frå Wikipedia på bokmål, den 17. november 2008.