Det internasjonale polaråret 2007–2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det internasjonale polaråret 2007–2008

Det internasjonale polaråret 2007-2008 var ei satsing på polarforsking leidd av The International Council of Science (ICSU) og The World Meteorological Organization (WMO). Visjonen for Polaråret var at det skulle innleie ein ny tidsalder for tverrfagleg og internasjonal polarforsking. Forskinga skulle omfatte både Arktis og Antarktis, og skulle synleggjere samanhengane mellom polarområda og resten av verda.

Viktige satsingsområde i polaråret var meteorologi og klimaforsking, spesielt samanhenger mellom klimaendringar og naturfenomen som Golfstraumen. Andre prosjekt var retta mot miljøgifter og dyrehelse.

Posten i Noreg markerte polaråret med å gje ut to frimerke, NK 1639-1640.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]