Det israelske arbeidarpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Det israelske arbeidarpartiet
IdeologiSosialdemokrati
PartileiarAvi Gabbay
Internasjonal tilknytingSosialistinternasjonalen

Det israelske Arbeidarpartiet eller Avoda (frå hebraisk העבודה Ha'Avoda, 'Arbeid') er eit sentrum-venstre politisk parti i Israel. Det er eit sosialdemokratisk[1][2][3][4] og sionistisk[4][5] parti, og er medlem i Den sosialistiske internasjonalen (SI) og observatør i Det europeiske sosialistpartiet (PES), der også Det norske Arbeidarpartiet er med.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Partiet vart skipa i 1968 då [partia Mapai, Ahdut HaAvoda og Rafi slo seg saman. Mapai vart eit viktig parti blant jødane i Palestina gjennom sambandet med den mektige jødiske fagrørsla Histadrut. Partiet skipa òg to væpna grupper, Hashomer og Haganah. Leiaren var David Ben-Gurion, som òg vart første statsministeren i Israel etter staten vart oppretta.

Partiet dominerte israelsk politikk til det tapte for høgrepartiet Herut/Likud i 1977. Det samarbeidde lenge med det venstresosialistiske partiet Mapam, Det sameinte Arbeidarpartiet. Men Mapam gjekk imot samarbeidet Avoda innleidde med høgresida i 1984, og vart eit opposisjonsparti til venstre. Mapam gjekk sidan inn i venstrepartiet Meretz (Kraft), no Meretz-Yachad, Det israelske sosialdemokratiske partiet (som likevel er til venstre for Avoda).

Etter Avoda hadde vunne valet i 1992, kom Osloprosessen. Yitzhak Rabin var statsminister men vart myrda av ein høgreekstremist etter at høgresida i landet hadde ført ein langvarig hatefull kampanje mot fredsprosessen og statsministeren. Etterfølgjaren Shimon Peres tapte for Likud i 1996. Ehud Barak vann valet i 1999 med felleslista Eitt Israel, men vart etterfølgd av Ariel Sharon som statsminister i 2001 i ei ny samlingsregjering der Avoda mellom anna fekk utanriks- og forsvarsministeren.

I 2003 gjekk Yossi Beilin og nokre andre på venstresida i partiet ut, og slutta seg til Meretz i Meretz-Yachad. Etter mykje kritikk gjekk Avoda ut av Sharon-regjeringa i 2003, og tapte valet same året. Etter dette gjekk Avoda saman med det nye sosialistiske partiet Am Ehad (Ein Nasjon), mest fordi leiaren der, Amir Peretz, også var leiar i Histadrut. I desember 2004 vart Avoda med i Sharon-regeringa igjen, for å gjennomføre tilbaketrekkinga frå Gaza. I november 2005 vart Amir Peretz vald til ny leiar i Avoda, og han drog partiet ut av regjeringa igjen. Ved valet i mars 2006 vart Avoda nest størst, etter det nye sentrumspartiet Kadima. Under Amir Peretz har Avoda vorte meir sosialdemokratisk igjen, med klårare avstand til marknadsliberalismen på høgresida, etter at det i nokre år har vore nokså avideologisert og «blairistisk», det vil seie sosial-liberalt.

Når det gjeld den manglande fredsprosessen, har Amir Peretz sagt litt motstridande ting, både at Osloprosessen ikkje er død, men òg at heile Jerusalem må vere israelsk. Det ser ut til at Avoda går inn i ei koalisjonsregjering med Kadima og andre sentrumsparti etter valet i 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Emilie van Haute; Anika Gauja (2015). Party Members and Activists. Routledge. s. 17. ISBN 978-1-317-52432-8. 
  2. Richard Collin; Pamela L. Martin (2012). An Introduction to World Politics: Conflict and Consensus on a Small Planet. Rowman & Littlefield. s. 218. ISBN 978-1-4422-1803-1. Henta 18 July 2013. 
  3. Rhodes Cook (2004). The Presidential Nominating Process: A Place for Us?. Rowman & Littlefield. s. 118. ISBN 978-0-7425-2594-8. Henta 19 August 2012. 
  4. 4,0 4,1 Sara E. Karesh; Mitchell M. Hurvitz (2005). Encyclopedia of Judaism. Infobase Publishing. s. 283. ISBN 978-0-8160-6982-8. 
  5. James C. Docherty; Peter Lamb (2 October 2006). Historical Dictionary of Socialism. Scarecrow Press. s. 179. ISBN 978-0-8108-6477-1. Henta 28 January 2013.