Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Domus Media (midtbygningen). Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo har tilhald i dei gamle universitetsbygningane på Karl Johans gate i Oslo.

Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo (UiO) er den eldste institusjonen i Noreg som har tilbod om undervising i og driv forsking innan rettsvitskap. Det juridiske fakultetet er eitt av dei fire opphavlege fakulteta ved UiO, frå 1812. Fakultetet vert leia av ein dekan, ein prodekan for studiar og ein prodekan for forsking.

Bygg[endre | endre wikiteksten]

Fakultetet sine aktivitetar er spreidd. Hovudbygga ligg ved Karl Johans gate; Domus Bibliotecia (vestbygningen), Domus Media (midtbygningen) og Domus Academica (Urbygningen). I Domus Media finn ein Universitetets aula, ein sal for konsertar og høgtidelege tilskipingar, vidgjeten for dei store veggmåleria (på lerret) av Edvard Munch. Namnet Urbygningen på Domus Academica skuldast eit pendelur som framleis heng i eit av vindauga ut mot Karl Johans gate, og som forfattaren Henrik Ibsen skal ha korrigert sitt eige ur etter på si daglege vandring frå heimen i Arbiens gate til Grand Café i si tid.

Einingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]