Det juridiske fakultetet ved UiT

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det juridiske fakultetet ved UiT Noregs arktiske universitet (UiT) gjev undervising i og driv forsking innan rettsvitskap. Historia til institusjonen skriv seg attende til 1987, då det vart etablert eit Institutt for Rettsvitskap under det samfunnsvitskapelege fakultetet. I 1997 vart rettsvitskapen organisert i eit sjølvstendig fakultet.

Fakultetet har om lag 600 studentar, og tilbyr utdanning opp til doktorgradsnivå. Sentrale satsingsområde for forskinga er miljø- og havrett i nordområda, fiskerirett og urfolksrett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]