Det kongelege observatoriet i Belgia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det kongelege belgiske observatoriet
Observatoire Royal de Belgique
Koninklijke Sterrenwacht van België

StadUccle (nederlandsk Ukkel) i Brussel
EigarDen belgiske staten
Påbegynt1827 (Saint-Josse-ten-Noode)
1883 (Uccle)
Opna1834 (Saint-Josse-ten-Noode)
1891 (Uccle)
Kart
Det kongelege observatoriet i Belgia
50°47′54″N 4°21′30″E / 50.79833°N 4.35833°E / 50.79833; 4.35833

Det kongelege observatoriet i Belgia, offisielt namn på fransk Observatoire Royal de Belgique og på nederlandsk Koninklijke Sterrenwacht van België, har lege i Uccle (Ukkel på nederlandsk) sidan 1890.

Observatoriet blei først skipa i Saint-Josse-ten-Noode i 1826 av Vilhelm I under påverknad av Adolphe Quetelet. I første halvdelen av 1900-talet hadde dette observatiriet ein Zeiss-reflektor med 100 cm i diameter, eit av dei største teleskopa i verda på dette tidspunktet. Det hadde òg fleir andre astronomiske instrument, slik som astrografar og ei rekkje seismografar.

Observatoriet har som hovudaktivitetar:

  • Referansesystem og geodynamikk
  • Astrometri og dynamikk til himmellekamar
  • Astrofysiikk
  • Solfysikk

Historie[endre | endre wikiteksten]

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Adolphe Quetelet bad regjeringa av Det sameina kongeriket Nederlanda om å danna eit astronomist observatorium i Brüssel i 1823. William I innvilga ønsket hans i 1826 og bygginga starta i 1827 i Saint-Josse-ten-Noode. Meteorologiske observasjonar starta tidleg, men leveranse og installasjon av astronomisk utstyr gjekk sakte. Quetelet vart utnemnt til astronom i 1828.

Under den belgiske revolusjonen gjekk føre seg det kamphandlingar i og rundt sjølve observatoriet. Quetelet beheldt stillinga si under den nye regjeringa og starta òg med vitskaplege observasjonar. Bygningar og instrument var endeleg på plass i 1834. Adolpe Quetelet vart følgd av sonen sin Ernest når han døydde i 1874.

I 1876 blei Jean-Charles Houzeau utnemnd til den nye direktøren og starta straks planlegginga av flyttinga til Uccle. Han klarte å ordna betre finansiering, auka det vitskaplege personalet og gjennomførte ei komplett fornying av instrumenta. Den første belgiske astronomiske ekspedisjonen blei send til Santiago og San Antonio for å observera Venuspassasjen i 1882. Houzeau prøvde å splitta dei meteorologiske og astronomiske avdelingane, men regjeringa nekta han å gjera dette. I 1883 starta bygginga av det nye observatoriet i Uccle, men Houzeau si oppseiing i 1883 forseinka flyttinga som ikkje var ferdig før i 1890-1891.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Georges Lecointe blei utnemnd til direktør i 1900 etter F. Folie og A. Lancaster. Under leiarskapen hans byrja seismologiske målingar i 1901, og dei første vêrballongane blei sende opp i 1906. Belgia deltok i Carte du Ciel og Astrographic Catalogue. Observasjonane blei utførte fram til 1964. I 1913 blei den meteorologiske avdelinga endeleg ein eigen entitet, Det kongelege meteorologiske instituttet. Etter første verdskrigen blei Central Bureau for Astronomical Telegrams lagt til Uccle frå 1920 til 1922, medan det var leidd av Lecointe.

Sjukdom tvinga Georges Lecointe til å trekka seg i 1925. Han blei etterfølgd av Paul Stroobant.[1]

Sidan 1981 har Sunspot Index Data centar, datasenteret i verda for Solflekkindeksen, vore lagt til observatoriet.[2]

Asteroiden 1276 Ucclia har fått namn etter byen og observatoriet.

Planetariumet ligg i Heysel, i den nordre reginonen av hovudstatsområdet Brüssel.

Kong Baudouin var ein amatørastronom og hadde ei stor interesse for det Det kongelege observatoriet. Etter at han døydde blei det sett opp ein statue til ære for kongen utanfor inngangen til observatoriet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Geschiedenis van Koninklijke Sterrenwacht van België» (på nederlandsk). Belgian Science Policy Office. 1. februar 2007. Arkivert frå originalen 21. oktober 2013. Henta 21. oktober 2013. 
  2. «Solar Influences Data analysis centar». 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]