Det kongelege svenske kunstakademiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det kongelege svenske kunstakademiet i Fredsgatan 12 i Stockholm.

Det kongelege svenske kunstakademiet, svensk Kungliga Akademien för de fria konsterna eller Konstakademien er ein institusjon til fremje av kunst og arkitektur i Sverige. Akademiet ligger i Fredsgatan 12 i Stockholm. Det blei skipa i 1735.

Fram til 1978 var kunstakademiet forbunde med Kungliga Konsthögskolan. Kunsthøgskulen er no underlagt Högskoleverket som andre svenske høgskular, medan akademiet har fått tilbake ei friare stilling.

Kunstakademiet byrja som undervisningsstad i 1735. Visjonen om eit akademi etter fransk mønster, som møtestad for kunstnarar og kunstkjennarar, blei realisert i 1768. Det første møtet av denne typen blei halde dette året, og kong Gustav III skreiv dei første statuttane i 1773. Enden av 1700-talet er rekna som ein gullalder for akademiet.

Akademiet fekk sitt noverande namn, Kungliga Akademien för de fria konsterna, i 1810. Det blei opna for kvinner i 1864. I 1870 flytta det til eit eige hus i Fredsgatan 12 som var donert av Gerhard Meyer. Namnet hans er bevart i kunstutdanningens kjælenavn Mejan, som også er navn på skolens elevgalleri.

Medlemmar av akademiet blir valde inn for livstid. Det har både ordinære medlemmar, æresmedlemmar og utanlandske medlemmar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]