Det konsoliderte Venstre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det konsoliderte Venstre eller berre konsoliderte Venstre (konsoliderede Venstre) er ei nemning på partiet Venstre i tida etter partisplittinga i januar 1908. Venstre var ei tid delt i tre fløyar. Dei "regjeringstru" med mellom anna Jørgen Løvland og Abraham Berge. Sentrum med Carl Berner og etter kvart Gunnar Knudsen, og dei "opposisjonelle" med Johan Castberg, Wollert Konow (H) og Johan Ludwig Mowinckel. Stortingsgruppa vart i 1908 oppløyst, og Venstre gjenoppstod som eit eige parti att, med klare grenser mot Høgre og samlingstanken innan Samlingspartiet. Ved stortingsvalet 1912 var Venstre igjen de største partiet, og kunne danna ei ny regjering under leiing av Gunnar Knudsen. Mange av dei som ikkje ynskte å gå inn i det konsoliderte Venstre, gjekk inn i Frisinnede Venstre.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]